Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Ingunn Stræte: Trekkspelet og grammofonen

Nærbilde av brunt trekkspill med knapper.

Ein studie av samspel og interaksjon mellom to teknologiske nyvinningar i Noreg på byrjinga av 1900-talet.

Fagområde: Oppføringspraksis

Hypotese: Samspelet og interaksjonen mellom grammofonen og trekkspelet avspeglar seg i repertoarval, formtypar, spelestilar og opptaksestetikk, og dette forandra seg over dei fyrste tjue åra, i takt med den teknologiske utviklinga.

Då grammofonindustrien i Noreg starta med plateinnspelingar i 1904, vart trekkspelet det mest nytta soloinstrumentet i utbreiinga av populærmusikken i Noreg. Prosjektet tar for seg samanhengen mellom den teknologiske utviklinga av trekkspelet, korleis utviklinga av instrumentet og repertoaret fell saman med utviklinga av grammofonindustrien og korleis speleteknikk og interpretasjon vart utvikla i lys av dette. For å synleggjere dei sentrale trekka i spelestilen og utviklingstrekka i repertoar og repertoarval vil eg gjere ein kvalitativ analyse av innspelingane til nokre utøvarar av dei to fyrste generasjonane med sentrale plateartistar.

Dette vil óg gjere det mogeleg å trekkje konklusjonar om samanheng med utviklinga av grammofonen, og om grammofonindustrien var med på å prege repertoaret og spelestilen.

Artikler relevante

Publisert: 18. okt. 2016 — Oppdatert: 8. mar. 2024