Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

Tryllespel

Gro Marie holder en fele og ser inn i kameraet.

Det kunstnarlege utviklingsprosjektet Tryllespel er ei utforsking av ulike måtar å nytte særdrag i hardingfela og slåttemusikken som inspirasjonskjelde, rammeverk og materialbank i improvisasjon og utøvarkomposisjonar.

Improvisasjon, tradisjon og refleksjon

I ei rekke verkstadar, workshops, arbeidsvisningar, konsertar og produksjonar skal hardingfelespelar Gro Marie Svidal utforske variasjonsteknikkar, form, felestiler, klang-og melodimateriale til bruk i improvisasjon og utøvarkomposisjonar. Ho skal undersøke korleis slåttane sin karakter, stemning og tradisjonelle bruksområder også kan danne rammeverk og inspirasjon for dei same improvisasjonane og utøvarkomposisjonane. Til slutt skal ho undersøk eit utval særdrag som konsept og undertekst til hardingfelekonsertar, tverrkunstnarlege produksjonar og framføringssituasjonar som improvisasjonane og utøvarkomposisjonane vert framført i.

Prosjektet er også ein refleksjon kring utøvaren sitt fokus og sine val under førebuing og framføring utifrå skiftande føresetnader, omstende, forventningar, råmer og tildriv i dei ulike framføringssituasjonane og eige forhold til tradisjonen.

Prosjektet er ein del av det eksternfinansierte prosjektet Craftmanship leia av Kjell Tore Innervik.

Artikler relevante

Publisert: 18. okt. 2021 — Oppdatert: 18. okt. 2021