Frå små teikn til store former

Analysar av det improviserte samspelet med hjelp av auditiv sonologi

Njål Ølnes
Ph.d.-avhandling

Njål Ølnes har som utgangspunkt at ulik andre typar av handverk som er kjenneteikna av 'taus kunnskap', må improvisert musikk også innehalde mulegheita for det som ikkje før har vore spelt. Det er ei forventning at improviserande musikarar skal kunne skape nye og ukjende rom - saman.

I studien tek Ølnes føre seg friimprovisert samspel i eit etablert band, den norske jazzkvartetten BMX der Ølnes sjølv er saksofonist. Det empiriske materialet er opptak av levande spelt musikk med dette bandet. Gjennom ulike metodar, som auditiv sonologi (analysar av musikk-som-høyrt) og stimulated recall (dei medverkande musikarane vert bedde om å sjå, lytte og kommentere på lyd- og videoopptak frå spelesituasjonen) har Ølnes undersøkt samanhengen mellom dei små teikna som vert gitt undervegs og dei følgjene dette får for formdanninga i musikken.

Auditiv sonologi er utvikla gjennom 35 år ved Norges musikkhøgskole av Lasse Thoresen med kollegaer.

I sin studie har Ølnes valt å sjå på det improviserte samspelet som eit klangleg fenomen. Gjennom metodar frå auditiv sonologi: sjiktanalyse, dynamisk formanalyse og transformasjonsanalyse, syner studien korleis dei formdannande prosessane skjer i nært samband med klangbruk og spelemåtar. Med desse analysane syner Ølnes nokre nye perspektiv på musikarane sine ulike rollar i det improviserte samspelet. Studien set lys på korleis friimprovisasjon står i spennet mellom spontanitet og medviten strategi. 

Problemstilling og forskingsspørsmål

Ølnes formulerte følgjande problemstilling:

Korleis oppstår musikalsk form, og korleis vert musikalske intensjonar kommunisert mellom musikarane i eit band som lagar musikk i sanntid?

Det friimproviserte samspelet gir utfordringar som eit meir idiomatisk, sjangerbunde eller planlagt improvisasjonssamspel slepp unna. I det friimproviserte samspelet har ein i utgangspunktet ikkje nokre avtalar om struktur, rekkjefølgje, arbeidsoppgåver/posisjonar - eller korleis ein saman skal forme musikken.

Studien viser at det i samspelet heile tida skjer forhandlingar om posisjonar og om form, frå det openberre til det heilt subtile. Og det skjer i sanntid, slik at dei vala ein tek, skjer spontant. Men korleis får ein kommunisert til kvarandre undervegs kva ein vil? Korleis kan ein oppfatte dei andre sine intensjonar undervegs? Korleis verte einige undervegs om kva retning musikken skal ta?

Det fins tydelege, koordinerande teikn, til dømes visuelle gestar som å løfte hovudet eller ein arm. Det fins mindre tydelege teikn, til dømes pust eller svakt gyngande kroppsrørsle. Og det fins spor av rørsler i sjølve musikken, referansar til klangar, felles kodefortrulegheit: små hint i musikken som peikar framover.

Ølnes har valt å kalle desse små hinta for ‘gestar’, etter G.H. Mead sin definisjon. Mead gjer det med sine ‘gestar’ muleg å forstå dialog som "føregripande, kreativ komplementaritet".

Med dette har problemstillinga leda til desse tre forskingsspørsmåla:

  • Korleis kan musikalske gestar få fram strukturelle element, gestaltar, i musikken?
  • Om desse gestaltane opptrer lovmessig, vil då samspelet ta form i den augneblinken medspelarane får ei aning om ein gestalt som skal fullførast?
  • Vil musikarane i så fall ta ulike rollar i prosessen med å vidareføre eller fullføre denne tidsgestalten?

For Ølnes har eit hovudmål med denne studien vore å auke bevisstgjeringa kring dei prosessane som skjer i improvisert jazzsamspel. Det er også ei målsetjing at studien skal bidra til eit auka tilfang i språket rundt jazzsamspel, og vera med på å opne samtalen mot andre sjangrar. 

NMH-publikasjoner 2016:01
Sist oppdatert: 15. februar 2017