Musikk i helsefremmande arbeid med einslege mindreårige flyktningar

Ein kvalitativ studie av ei musikkgruppe for ungdom med bakgrunn som einslege flyktningbarn

Merete Hoel Roaldsnes
200 kr

Kva for rolle kan musikk spele for einslege mindreårige flyktningar?

I straumen av menneske som er på flukt i verda er det også barn og unge som flyktar åleine, utan å vere i følgje med foreldre eller andre vaksne som har eit foreldreansvar for dei. Som flyktninggruppe er einslege mindreårige flyktningar i ein særskilt sårbar situasjon og i ei risikogruppe når det gjeld utvikling av psykiske helseproblem. Roaldsnes har i sin studie utforska kva rolle musikk kan ha i helsefremmande arbeid med denne gruppa barn og unge og stiller spørsmålet, på kva slags måte kan deltaking i ei musikkgruppe vere helsefremmande for ungdom som har bakgrunn som einslege mindreårige flyktningar? Studien er definert som eit samfunnsmusikkterapiprosjekt og utforskar samanhengen mellom musikk og helse i ei musikkgruppe der deltakarane var ungdom med bakgrunn som einslege flyktningbarn.

Deltakande observasjon

Gjennom deltakande observasjon i musikkgruppa og gjennom intervju med dei involverte ungdommane, har Roaldsnes undersøkt korleis deltakarane opplevde å medverke og delta i musikkgruppa, kva for helsefremmande faktorar som kom til syne i ungdommane sine opplevingar, og kva for utfordringar ungdommane opplevde i musikkgruppa. 

Ei lang rekkje positive resultat

Resultata frå studien viser at musikkgruppa var for ungdommane ein arena for emosjonell endring, for meistring og for oppleving av tilhøyrsle. Ungdommane opplevde ei auke av positive emosjonar når dei deltok i musikkgruppa og dei opplevde å få meir energi og kjenne seg mindre slitne. Dei opplevde at musikkgruppa gav dei eit avbrekk frå uro og tyngande tankar. Musikkgruppa bidrog til at ungdommane fekk eit endra og utvida tankesett med meir håp, optimisme og meistringstru. Dei oppdaga nye ressursar og sterke sider i seg sjølve og fekk i musikkgruppa bruke og vidareutvikle desse. Ungdommane opplevde musikkgruppa som eit positivt og trygt fellesskap der relasjonar vart stadfesta og utvikla. I musikkgruppa opplevde dei anerkjenning og stadfesting på sin identitet og dei fekk stadfesta og formidla si tilhøyrsle til heimlandet. Samstundes bidrog relasjonane og prosessane i musikkgruppa til oppleving av ei gryande tilhøyrsle i Noreg. 

Ved hjelp av teoretiske perspektiv, som til dømes positiv psykologi, traumemedviten omsorg og teori om psykososialt arbeid med einslege flyktningbarn, diskuterer Roaldsnes dei moglege helsefremmande faktorane ved ungdommane sine erfaringar frå musikkgruppa. Studien peikar i retning av at musikk kan spele ei rolle i helsefremmande arbeid med einslege mindreårige flyktningar då musikk kan gi erfaringar som kan gi positive helsekonsekvensar, og ved at musikk kan støtte opp om ein gryande integrasjonsprosess.  
 

NMH-publikasjoner 2017:12
Sist oppdatert: 23. januar 2018