Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

Apokaluptein and the Abstract Youth

Landskap i solnedgang

Jazzmasterstudentane gjer ei nytolking av Live Maria Roggen sitt tingingsverk.

I 2015 skreiv og framførte Live Maria Roggen tingingsverket «Apokaluptein – The Uncovering» for festivalen Vossajazz. Verket tar for seg økologisk kollaps og menneskas liv i katastrofetider.

Mykje har skjedd på kloden sidan 2015. Det greske ordet Apokaluptein betyr «å avdekke». Kanskje kan ein klimakrise avdekke nye moglegheiter for menneska – og kanskje kan jazzmasterstudentane avdekke ei ny og meir dagsaktuell tolking av Apokaluptein.

  • Musikk: Live Maria Roggen og Hilmar Jensson
  • Tekstar: Live Maria Roggen