Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Ung Ljøsblått

Logoen til Ljøsblått 2021

Ljøsblått inviterer til barne- og ungdomskonsert i samarbeid med unge musikarar frå kulturskolane i samarbeid gjennom UngMusikk.

Medverkande

  • Follofeler
  • Jonathan Jansson
  • Feler i fleng – ei gruppe unge elevar frå kulturskolene i Nordre Follo, Oslo og og Ås.
  • Studentar frå NMH

Omtale

Follofeler

Ungdomsensemblet «Follofeler» er sett saman av barn og ungdommar med hovudsete på kulturskolen i Ås. Dei fleste deltakarane speler i eit av regionens strykeorkester, og får gjennom Follofeler undervisning i folkemusikk samt andre musikksjangrar. Gruppa blei etablert sommaren 2016 etter inspirasjon frå den svenske ungdomsgruppa «Dalaviolinisterna». I dag har Follofeler 15 medlemar i alderen 10 til 19 år. Follofeler ønsker mellom anna å fokusere på lokal folkemusikk frå Follo-regionen. I tillegg har ensemblet begynt å koreografere sine eigne konsertar. Repertoaret spenner frå klassiske perler via pop- og filmmusikk til norsk og svensk folkemusikk. Gruppas leiar er Elisabet Olhans.

Jonathan Jansson

Jonathan er elev ved kulturskolen i Ås og ved talentutviklingsprogrammet i folkemusikk ved Norges musikkhøgskole. Jonathan har vore elev ved kulturskolen i Ås sidan han var 6 år – no er han 15. Han har deltatt på Landskappleiken i både lagspel, gruppespel og solospel; solospel på både fele og hardingfele. Jonathan er ein viktig bærebjelke i ensemblet Follofeler. Han har også deltatt på diverse kurs både i Norge og i Sverige, og er medlem av ungdomsprosjektet Bølingen i regi av Marianne Tomasgård.

Feler i fleng

Unge elevar frå kulturskolane i Nordre Follo, Oslo og Ås presenterer låter frå laurdagens seminar, under leiing av Agneta Holmer Mæland og Elisabeth Storm. Seminaret var ein del av UngMusikk med gjesteinstruktørane Sigrid Stubsveen og Johanne Løkkensgard Mjøs.

Studentar frå NMH

Høyr Tiril Einarsdotter og Mattias Thedens med fleire frå folkemusikkavdelinga ved Norges musikkhøgskole.

Konserten er i samarbeid med UngMusikk; eit samarbeid mellom NMH, Viken fylkeskommune og kulturskolar i Viken.

Publisert: 3. nov. 2021 — Oppdatert: 19. nov. 2021