Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Dans og plateslepp med Bjørn Kåre Odde

Bjørn Kåre står i rød jakke og med fela og ser opp på fotografen med naturbakgrunn.

Ljøsblått: Tidlegare student på Musikkhøgskolen og medlem av Majorstuen, felespelar Bjørn Kåre Odde, slepper plate.

Thor Hauknes

Bjørn Kåre Odde har som utøvande musikar vore med på nærare 20 plateprosjekt. Men i fylgje han sjølv er «Folk Chamber» debutalbumet hans. Dette er, som tittelen tilseier, kammermusikk, og repertoaret består av hans vakre, enkle og underfundige melodiar ikledd varm stryk.

Odde har i snart eit tiår vore ein av dei mest attraktive felespelarane i landet – som konsertmusikar så vel som dansespelemann. Det er tradisjonsmusikken frå Gudbrandsdalen som ligg i botn, og med erfaring som komponist og arrangør har han også fått merksemd langt utover folkemusikken i både inn- og utland.

Medverkande

  • Bjørn Kåre Odde og Trygve Liahagen (fele)
  • Marius Westling (bratsj)
  • TBA (cello)
  • TBA (kontrabass)

Publisert: 3. nov. 2021 — Oppdatert: 5. nov. 2021