Den 10. september 2008 blei Christiania Blåseensemble stifta av studentar ved Noregs musikkhøgskole. For å markere vårt 15-årsjubileum inviterer vi til ein festaftan med musikalske tilbakeblikk frå tida som har gått. Med oss på podiet har vi med oss eit tidlegare medlem i ensemblet, Nils Erik Måseidvåg.
CBE Greatest Hits / NMH 50 år!

Kombinert feiring av Christiania Blåseensemble 15 år og Noregs musikkhøgskole 50 år.

Norges musikkhøgskole 50 år
-
Studieåret 2023–2024 feirar Noregs musikkhøgskole 50-årsdag. Det markerer vi med seminar, levande musikk og formidling av vår eiga historie. Velkommen til fleire jubileumsarrangement heile skoleåret.
Sjå heile festivalprogrammetFleire konsertar
Publisert: 26. jun. 2023 — Oppdatert: 13. aug. 2023