Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Dansekonsert med Ole Nilssen

Ole Nilssen sitter og spiller trekkspill foran blå vegg.

Opplev toradarspelar, folkemusikar og folkedansar Ole Nilssen.

Ole Nilssen har utmerka seg som ein av Noregs fremste folkemusikarar og -dansarar. Han kjem frå ei folkemusikkslekt på Hedmarken der far og bestefar har vore læremeistrar gjennom oppveksten. Nilssen er mykje nytta som dansespelemann, ensemblemusikar og instruktør både i dans og spel. Han har utdanning frå folkemusikklinja på Vinstra og Norges musikkhøgskole med trekkspel og toradar som hovudinstrument. I 2017 debuterte han som soloartist med albumet «Premiér», og i 2018 vart han kåra til årets unge folkemusikar. I 2022 fekk han Kongepokalen på Landskappleiken. Han er i dag tilsett som distriktsmusikar i Sunnfjord kommune.

Publisert: 21. okt. 2022 — Oppdatert: 31. okt. 2022