Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Dansespel med Mattias Thedens

Dansespel med felespelar Mattias Thedens.

Svein Finneide

Mattias Thedens vaks opp i ein folkemusikkfamilie, og har vore med på festivalar og kappleik heile livet. I 2019 begynte Mattias på Norges musikkhøgskole, med Håkon Høgemo og Andreas Bjørkås som spelelærarar. Der lærte han slåttar frå rundt omkring i Noreg, spesielt Valdres, Telemark og Røros. Dei siste åra har hovudfokuset hans vore slåttar frå Telemark, med Knut og Hauk Buen som hovudinspirasjon. Dette har han fått hjelp til av mellom anna Knut Buen, Per Anders Buen Garnås og Anne Hytta. No for tida er Mattias mest aktiv i folkrockbandet Gangar, der han speler fele og hardingfele.

Publisert: 21. okt. 2022 — Oppdatert: 31. okt. 2022