Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Barnekonsert: Gammalt er gøy + Follofeler

Musikerne i Gammalt er gøy står og spiller med instrumentene sine.

Barnekonsertserien ved NMH med Gammalt er gøy + Follofeler avsluttar Ljøsblått.

Gammalt er gøy og fleire

Omtale

Barnekonsertserien ved NMH med «Gammalt er gøy» + Follofeler avsluttar Ljøsblått. Altfor mange born trur at gammalt betyr kjedeleg, men det er fordi dei ikkje har treft oss enno! Kom tidleg, for her blir det blir kø, og gløym ikkje danseskoa!

Kva slags musikk høyrde dine tipp-tipp-oldeforeldre eller mine tátara tátara abuelos? Kom og opplev gøyal dansemusikk med «Gammalt er gøy», heilt frå 1600-talet frå både Norge, Peru, Portugal, Tyskland og fleire andre land. Follofeler framfører denne søndagen norsk og svensk folkemusikk med krydder av noko irsk.

Gammalt er gøy

Gammalt er Gøy er ein trio av allsidige musikarar som syng, speler, byter på instrument, improviserer, dansar, fortel og (aller viktigast!) har det gøy med gammal folkemusikk. Kjernerepertoaret kjem frå gamle manuskript frå Noreg, Peru, Portugal og Tyskland frå 1700- og 1800-talet, og repertoar som har overlevd munnleg heilt til våre dagar.

Follofeler

Ungdomsensemblet Follofeler består av born og unge frå kulturskulane i Ås, Drøbak og Ski. I dag har Follofeler rundt 20 medlem i alderen 10 til 18 år. Follofeler fokuserer på lokal folkemusikk frå Akershus og Østfold, og no har ensemblet byrja å koreografere konsertane sine. Gruppa sin faste leiar er Elisabet Olhans.

Follofeller spiller på en middag med folk som sitter rundt runde bord.

Publisert: 21. okt. 2022 — Oppdatert: 8. nov. 2022