Folkrockbandet Gangarstubbgutta med utspring frå Norges musikkhøgskole er eit innovativt og friskt pust inn i folkrockverda. I kombinasjon med alt frå Rockabilly til Djentrock blir tradisjonelle slåttar og stev kledde i ny og rocka drakt, for eit ungt og energisk musikkuttrykk. Inspirert av band som Hoven Droven og Valkyrien Allstars gjer dei den tradisjonelle norske folkemusikken meir tilgjengeleg for eit allment publikum, utan å inngå kompromiss overfor tradisjonsmusikken. Melodiane finn musikalsk leiar Mattias Thedens i gamle arkivopptak, og deretter blir dei arrangert ut i fellesskap, som tillèt bandmedlemanes ulike musikalske bakgrunnar frå jazz, funk, pop, soul og metal, å forme det endelege produktet. Med Mattias' lange erfaring innan folkemusikk og dans, og med resten av bandets sjangerbreidd, leverer Gangarstubbgutta ei musikalsk pakke av høg kvalitet, som garantert vil få det til å rykkje grådig i dansefoten.
Klubbkonsert med Gangarstubbgutta
Ljøsblått: Gangarstubbgutta speler klubbkonsert på Betong.
Program
Publisert: 19. okt. 2021 — Oppdatert: 5. nov. 2021