Jens Harald Bratlie skriv: Det er både ei glede og ein ære å få anledning til å markere min 75-årsdag på Noregs musikkhøgskole, midt i jubileumsåret til denne institusjonen som eg har vore fast tilsett ved frå 1973 til 2018 og deretter som emeritus. Som musikarar til alle tider har erfart, er eg også opptatt av den sterke og samanhengande linja gjennom musikkens historie. Derfor har eg kalla konserten min «Kontrastar og samanheng».
I samband med dette har eg også bestilt to korte klaververk av sønen min, komponisten David Bratlie, som er utdanna ved NMH og også har hatt undervisningsoppgåve der. Hans verk er tenkte som introduksjon/kommentar til dei to hovudverka på konserten. Verka er sett opp parvis for å illustrere nære samanhengar og kontrastar.
Program
- David Bratlie: Pre-fantasie (foreløpig tittel)
- Franz Schubert (1797–1828): Sonate i G-dur, op. 78: Fantasie, Andante, Menuetto, Allegretto
- Domenico Scarlatti (1685–1757): Sonate (Toccata) i d-moll, K 141
- Sergej Prokofjev (1891–1953): Etyde i d-moll, op. 2 nr. 1
Pause
- Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791): Fantasie i d-moll, KV 397
- D. Scarlatti: Sonate i D-dur, K 29
- David Bratlie: Pre-fantasie (foreløpig tittel)
- Frédéric Chopin (1810–1849): Andante spianato et grande polonaise brillante, op. 22