Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Lambert, Lambert!

-
Minimalistisk foto av stue, med sofa, teppe og sofabord, med gulaktige fargenyanser

To framsyningar, kl. 18.00 og kl. 19.00: Kunststipendiat Lars Skoglund held avslutningskonsert med medmusikarar og eit heilt nytt verk.

Lars Skoglund

I framsyninga «Lambert, Lambert!» møter vi Håkon, som har vore på bilferie saman med Ruth og besøkt Vera, som samlar på fotografi ho finn tilfeldig på gata. Håkon har reist heim for å vere med på ei teateroppsetjing om den historiske personen Lambert. Der møter vi også ein konfliktsky lystekniker og ein ambisiøs teaterkomponist.

Framsyninga er Lars Skoglund sitt avsluttande arbeid til hans kunstnarlege doktorgradsprosjekt The Theatre of Words Set to Music, der han forskar på forholdet mellom musikk og tekst, med tematikk frå kvardagen. Stykket blir spelt på norsk kl. 18.00 og 19.00.

Program

  • Kl. 18.00–18.40: Første konsert
  • Kl. 18.40–19.00: Pause
  • Kl. 19.00–19.40: Andre konsert

Medverkande

  • Lars Skoglund (manuskript og musikk)
  • Ditte Marie Bræin (sopran)
  • Natali Ambrahamsen Garner (resitasjon)
  • Halvor Festervoll Melien (baryton)
  • Tormod Lindgren (scenografi og regi)
Sorthvitt bilde av Lars Skoglund på sykkel

Om prosjektet

Les mer om stipendiatprosjektet til Lars Skoglund.

The Theatre of Words Set to Music

Publisert: 6. jul. 2021 — Oppdatert: 29. sep. 2021