Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Mahlers 3. symfoni

Foto av Mahler i dress

Studentar frå Norges musikkhøgskole slår seg saman med Kringkastingsorkesteret, Sølvguttene og Kvindelige studenters sangforening i ei storslått framføring av Mahlers 3. symfoni.

Medvirkende

  • Studenter fra Norges musikkhøgskole
  • Kringkastingsorkestret
  • Sølvguttene
  • Kvindelige studenters sangforening
  • Miguel Harth-Bedoya (dirigent)
  • Anna Larsson (altsolist)

Omtale

For tre år sida samarbeida KORK og Norges musikkhøgskole om å framføre Symfoni nr. 2 av Gustav Mahler (1860-1911).

Denne gongen slår dei seg saman igjen, og da får ein moglegheita til å tenke stort; noko større enn Gustav Mahlers 3. symfoni kan ein vel knapt tenke seg. Inspirert av folkediktiga samla i Des Knaben Wunderhorn skriv han eit verk i seks satsar (1. sats er på over ein halvtime) som sprenger alle symfoniske rammer. Han sa sjølv at det kanskje ikkje kunne kallast ein symfoni, men Mahlers eigen filosofi var at ein symfoni skal romme ei heil verd. Om du ikkje har opplevd «larger than life»-opplevinga det er å høyre Mahlers 3., veit du kva du gjer 19. januar.

Det heile blir leia av Kringkastingsorkestrets peruanske sjefdirigent Miguel Harth-Bedoya.

Til informasjon

Konsertar som blir arrangert av andre aktørar enn Norges musikkhøgskole, er dessverre ikkje gratis for studentar.

Publisert: 30. jun. 2020 — Oppdatert: 30. jun. 2020