Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

Opningskonsert Ljøsblått

Torsdag kveld blir det opningskonsert i Betongsalen på Chateau Neuf, med studentar og lærarar frå Norges musikkhøgskole.

Vi er så heldige at vi får besøk av folkemusikkstudentar frå Ole Bull-akademiet på Voss. Det blir ein konsert med folkemusikk i ulike besteningar, både solo og samspel. Kvelden fortset med plateslepp, buskspel og dans – ein essensiell del av festlegheitene i folkemusikkens verd. Ta med deg yndlingsinstrumentet ditt og sleng deg på – alt er lov! Fiolin, saksofon, paukar, orgel…

Hugs å skaffe billett tidleg, før huldra bestiller alle!

Sjå heile festivalprogrammet

Publisert: 19. okt. 2021 — Oppdatert: 5. nov. 2021