I dag er det å vere samtidsmusikkutøvar ein fragmentert praksis. Utøvarens rolle er ikkje lenger berre eit spørsmål om å beherske instrumentet og framføre eit verk. Den musikalske praksisen innlemmar stadig fleire nye instrument og teknologi, nye metodar for å skape musikk, interaksjon med publikum og nye situasjonar med avhengnadsforhold mellom utøvarane. Under desse forholda er det desto vanskelegare for utøvaren å føle meistring og kontroll over framsyninga. Med andre ord – utøvinga blir stadig meir prekær.
Performing Precarity ønsker å undersøkje dette nye paradigmet ved å forlate ideen om meistring og instrumentets spesifisitet som kjernen av ein musikerar sin praksis, til fordel for ideen om nettverk og prekariatet som følgjer med.
Kva slags praksis oppstår når tradisjonelle oppfatningar om skjønnheit og perfeksjon fråfaller, til fordel for prekariat, skjørheit, risiko, instabilitet, feil og gjensidig avhengnad mellom utøvarar, komponistar, teknologi og publikum.