Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Dans og plateslepp med Synnøve Plassen

Ljøsblått: Folkemusikar og NMH-student Synnøve Brøndbo Plassen slepper plate på Ljøsblått.

Zosha Warpeha

Synnøve Brøndbo Plassen er ein norsk folkemusikar, songar og lærar, og tar no ein mastergrad i utøvande folkemusikk på Norges musikkhøgskole. Ho har jobba mest med tradisjonsmusikk frå Folldal, Østerdalen og Trøndelag. Repertoaret hennar strekkjer seg frå barnesongar og salmar til balladar og instrumentalmusikk framført med vokal. Ho har mottatt ei rekkje talentstipend og prisar, og i 2019 blei ho vald som Hilmar-talentet; ein nasjonal talentpris for folkemusikarar og -dansarar. Ho har blitt beskriven som eit av dei største unge folkemusikktalenta, og er ein allsidig songar gjennom formidlinga si av både tradisjonell folkemusikk, arrangert folkemusikk og nykomponert musikk. Ho har vore på turné med Bendik Smedåsgjelten Qvam, på gitar og mandolin. Plata hennar kom ut 22. oktober i år.

Hjemve

«Hjemve» er eit norsk ord for heimsjukheit, og er tittelen på Synnøve Brøndbo Plassen sitt debutalbum. Med denne utgjevinga ønsker Synnøve å løfte fram dei fantastiske vokalmusikktradisjonane i folkemusikken frå heimstaden hennar Folldal; ein liten stad i Østerdalen. Gjennom arkivopptak, noter og muntlege overføringar har ho samla ei rekkje låter frå heimstaden sin. Det har resultert i eit vakkert debutalbum, produsert av den velkjende og prisvinnande folkemusikaren og komponisten Gjermund Larsen.

– I dette prosjektet ønska eg å fange den fantastiske vokale folkemusikken i Folldal. Eg synest denne musikken er viktig på mange måter og eg håper eg og stemma mi har tilført noko nytt til han, seier Plassen. Ho var alltid eksponert for instrumental folkemusikk da ho vaks opp i Folldal. Som songar likte ho å imitere når felene spelte. Som vaksen oppdaga Plassen dei lokale dansemusikktradisjonane framførte med vokal og blei fascinert. Etter litt forsking dukka det opp fleire eksempel frå fortida, og det viste seg at mange musikarar hadde lært å spele fele ved å lytte til songarar. For eksempel var Plassens oldefar Mikael Plassen (1902–1996) ein felespelar i Folldal som lærte melodiane etter mora sin song.

Albumet består av musikk frå Plassen sin barndom, musikk etter oldefaren hennar, og musikk ho har oppdaga meir nyleg – alt frå heimstaden.

– Eg har jobba med denne vidunderlege tradisjonen i mange år, og endeleg fekk eg spelt han inn, seier ho.

Publisert: 19. okt. 2021 — Oppdatert: 8. nov. 2021