Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

Playing Together

Nye verk for piano og slagverk, utarbeida i samarbeid med utøvarane.

Medverkande

  • Jana Anisimova (piano)
  • Carla Fernàndez Boix (piano)
  • Kjell Tore Innervik (slagverk)
  • Geir S. Syrrist (slagverk)
  • Jennifer Torrence (slagverk)
  • Ellen Ugelvik (piano)
  • Sanae Yoshida (piano)

Omtale

Prosjektet utforskar element ved det å spele saman. Fire etablerte musikarar speler saman med fire studentar og utvekslar erfaringar og nye måtar å jobbe kammermusikalsk på. Formatet er kvartett (to klaver og to slagverk i tre ulike grupperingar). På konserten speler dei to heilt nye verk som er utarbeida i samarbeid mellom dei etablerte musikarane, instrumentalstudentane og to komponiststudentar ved NMH; Astrid Solberg og Bendik Sells. I tillegg framfører Innervik, Torrence, Ugelvik og Yoshida legendariske «Linea» av Luciano Berio (1925–2003).

Prosjektet er knytta til Senter for fremragende utdanning i musikkutøving (CEMPE) på Musikkhøgskolen.