Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

Purcell: The Fairy Queen

En mann og to kvinner, alle kledd i hvitt, står inne blant grønne trær og blader og kikker ut. De ser alvorlig inn i kamera.

Alvedronninga kjem på besøk til Noregs musikkhøgskole når Kammerkoret med alle songarane set opp Henry Purcells opera, The Fairy Queen. Dette er den første av to framsyningar.

Marte Fillan

Det blir ein magisk ettermiddag når songarane ved NMH inviterer til ei scenisk framsyning av operaen The Fairy Queen av Henry Purcell (1659–1695). Librettoen for operaen er basert på William Shakespeares (1564–1616) Ein midtsommarnattsdraum, så her kan vi love mykje kjærleik, nokre forviklingar, mysterium, alvar, feer og spennande hendingar langt uti skogen.

Musikken til Purcell er full av vakre melodiar, heftige dansesatsar, smektande og virtuose soloparti og kraftfulle korsatsar. Noregs musikkhøgskole sine songarar fyller både det solistiske og det koristiske med bravur, samt dansegolvet med barokkens dansetrinn.

Hjartelig velkommen til ei magisk framsyning som også feirar Noregs musikkhøgskole 50 år på storslått vis.

  • Generalprøven 6. september er open for inviterte elevar frå musikklinjer på vidaregåande skuler.

Medverkande

  • Ståle Ytterli (regi)
  • Elizabeth Svarstad (koreografi)
  • Tone Aminda Gøytil Lund (kostyme)
  • Knut Johannessen (musikalsk leiing)
  • Anton Steck (konsertmeister)
  • Marianne Beate Kielland og Ann-Helen Moen (prosjektleiing)
  • Songstudentar frå bachelor og master utøvande, bachelor i musikkpedagogikk og dirigering
  • Norges musikkhøgskoles kammerkor

Solistar

  • Hanne Marit Mordal Iversen
  • Mari Aschehoug
  • Louise Engeseth
  • Ava Line Shokooh
  • Lisa Lindblom
  • Hannah Hunslund
  • Camilla Bjørk Andreassen
  • Christina Herresthal
  • Tea Ban
  • Greta Andersberg
  • Lizaveta Hai
  • Adrian Lara
  • Magnus Løvlie
  • Andreas Jansson
  • Vetle Røsten Granås
  • Markus Rikard Djuve
Feiringsbilde fra 1983, Einar Solbu og Harald Jørgensen spretter en champagne, inni jubileumsramme med logo.

Norges musikkhøgskole 50 år -

Studieåret 2023–2024 feirar Noregs musikkhøgskole 50-årsdag. Det markerer vi med seminar, levande musikk og formidling av vår eiga historie. Velkommen til fleire jubileumsarrangement heile skoleåret.

Sjå heile festivalprogrammet

Fleire konsertar

Publisert: 26. jun. 2023 — Oppdatert: 18. sep. 2023