Det blir ein magisk ettermiddag når songarane ved NMH inviterer til ei scenisk framsyning av operaen The Fairy Queen av Henry Purcell (1659–1695). Librettoen for operaen er basert på William Shakespeares (1564–1616) Ein midtsommarnattsdraum, så her kan vi love mykje kjærleik, nokre forviklingar, mysterium, alvar, feer og spennande hendingar langt uti skogen.
Musikken til Purcell er full av vakre melodiar, heftige dansesatsar, smektande og virtuose soloparti og kraftfulle korsatsar. Noregs musikkhøgskole sine songarar fyller både det solistiske og det koristiske med bravur, samt dansegolvet med barokkens dansetrinn.
Hjartelig velkommen til ei magisk framsyning som også feirar Noregs musikkhøgskole 50 år på storslått vis.
- Generalprøven 6. september er open for inviterte elevar frå musikklinjer på vidaregåande skuler.