Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

SandraåGunnar

Sandra Lied Haga og Gunnar Flagstad speler Svein Hundsnes si cellosonate.

Program

Svein Hundsnes (1951–): Cellosonate:

  1. Con moto
  2. Adagio
  3. Allegro moderato

Nikolaj Mjaskovskij (1881–1950): Cellosonate nr. 1, op. 12:

  1. Adagio, Andante
  2. Allegro passionato

Medverkande

  • Sandra Lied Haga (cello)
  • Gunnar Flagstad (klaver)

Omtale

Ein kan ikkje seie at den norske komponisten Svein Hundsnes (1951–) eigentleg høyrer til nokon spesifikk retning eller musikalsk leir, men går sine relativt eigne vegar, noko ein raskt oppdager ved å lytte til dei to første CD'ane med klavermusikken hans, som blei gitt ut så seint som i 2020 og 2021. Denne rykande ferske sonaten frå 2021–2022 foreiner eit relativt tonalt utgangspunkt med ei meir kompleks harmonisk utvikling, tidvis med hyppig og svært variert bruk av flageolettar. Særleg i løpet av første sats gjennomgår eit forholdsvis romantisk tema nokså gjennomgripande hamskifte.

Mjaskovskij har ei svært omfangsrik verkliste, beståande mellom anna 27 symfoniar og 13 strykekvartettar. De to cellosonatane blei komponert i henholdsvis 1911 og 1948. Den første sonaten er skrive i eit uttrykksfullt romantisk tonespråk, med både vakre harmoniar, smektande melodilinjer og virtuose passasjar. Sonaten har ei original form, med to satsar som går direkte over i kvarandre.

Sandra Lied Haga

Til tross for den unge alderen hennar, har cellist Sandra Lied Haga allereie rokke å bli ein av dei mest kjære og ettertrakta unge musikarane i Noreg. Ho har vunne ei rekkje internasjonale og nasjonale prisar – mellom anna Equinor sin prestisjetunge klassiske musikkpris – og deltar regelmessig på store nasjonale og internasjonale festivalar. Ho speler jamleg med fleire av verdas leiande musikarar, og er ofte solist med dei største orkestra i landet. Lied Haga er i førebuingsfasen til fleire CD-innspillingar, og gav i 2020 ut ein kritikerrost CD der ho var solist med Dvořák sin cellokonsert og Rokokko-variasjonane til Tsjaikovskij.

Gunnar Flagstad

Gunnar Flagstad er førsteamanuensis i akkompagnement, og viserektor for utdanning ved Norges musikkhøgskole. Som pianist og kammermusikar har han konsertert over bokstaveleg talt heile Noreg, frå Kristiansand i sør til Longyearbyen i nord, i tillegg til i USA og eit tosifra antall europeiske land. Flagstad har også markert seg som konsertarrangør gjennom arbeid med den bejubla konsertserien Resonans på Gjøvik. Han er også jamleg gjest i NRK radio og TV.

Fleire konsertar

Publisert: 8. nov. 2022 — Oppdatert: 9. nov. 2022