Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Serendip med Ævestaden – Oslo jazzfestival (utsolgt)

Medlemmene i Ævestaden står ute på en slette i skumringen: Levina Storåkern, Eir Vatn Strøm og Kenneth Lien

På tredje og siste Serendip-dag på Oslo jazzfestival får vi høyre hypnotiske Ævestaden.

Amanda Iversen Orlich

Medverkande

  • Kenneth Lien (kraviklyre, munnharpe, langeleik, fele, vokal)
  • Levina Storåkern (fele, kantele, vokal, live-elektronikk, langeleik)
  • Eir Vatn Strøm (vokal, kraviklyre, live-elektronikk, synth)

Omtale

Ævestaden er ein svensknorsk trio som speler nykomponert og tradisjonell musikk, med gamle og moderne instrument, der lyrer, fele, munnharpe, langeleikar, kantele, vokal og elektronikk kling saman i eit nytt lydbilete.

– Låtene handlar om det bevisste og det underbevisste – det verdslege og det heilage – om liv og død. Her skildrar musikarane dei store følelsane; alt frå ein intensiv bøn om å få innslepp i Gud sitt rike og eit ønske om at nokon, nokon gong, skal tenkje på deg om kveldane, seier bandet sjølv om musikken sin.

Bandnamnet er for øvrig henta frå Magnus Ulleland si nynorske omsetjing av Dante sin «Den guddommelige komedie» og er eit uttrykk han bruker om helvete.

Debutalbum

«Ingen Mere Gråter» er deira debutalbum. Reint musikalsk byr denne plata på element som i si foreining vil kjennast nye og friske. Ikkje berre er nyskrivne songar fletta inn med salmetonar og gamle viser – her er også eldre folkemusikkinstrument blanda med elektroniske rytmar og effektar. I dette møtet skaper musikken seg sjølv.

Trioen består av Eir Vatn Strøm, Levina Storåkern og Kenneth Lien: tre musikarar som alle er multiinstrumentalistar. Deira varierande instrumentkombinasjonar opner opp eit unikt lydbilete når tidlause harmoniar og lag med minimalistiske motiv, skaper ei open og atmosfærisk verd. Er du interessert i det monumentale, men også det såre og lågmælte? Skeive taktartar og instrument ein kanskje ikkje har høyrt så ofte, sørgmodige lydlandskap og drivande rytmar?

En karg, avskalad klangvärld som rör sig mot en närmast reducerad enkelhet, gränsande mot en naivism med omtagningar och upprepningar.

Magnus Östnäs Lira Musikmagasin

Ikkje verken pop eller jazz. Berre moderne, god og spanande folkemusikk.

Arild Rønsen PULS

Serendipfestivalen

På Serendip vil dere møte musikk i skjeringspunktet mellom sjangrar som jazz, folkemusikk, pop, eksperimentell musikk og soul – på det vi stolt kallar Oslos hippaste musikkfestival.

Sjekk ut Ævestaden sin konsert på årets festival, som gjekk digitalt frå mars og fram til mai.

Publisert: 18. jun. 2021 — Oppdatert: 20. aug. 2021