Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

The Great Comeback – Christiania Blåseensemble

Portrett av Nils Erik Måseidvåg

Christiania Blåseensemble er attende for fullt og inviterer endeleg til konsert igjen.

Eirik Haukaas Ødegaard

Etter over eit år utan korpsmusikk på NMH kjem vi no sterkt attende! Med konserten «The Great Comeback» ønsker Christiania Blåseensemble gjennom eit variert og spanande repertoar å vise at god korpsmusikk er mykje meir enn marsjar på 17. mai. På denne konserten får publikum høyre verk som kan få fram både tårer, latter og sinne. Det blir ein konsert fylt med perler skrivne spesielt for korps, og nokre korpsarrangement. Kom å bli med når korpsklangen igjen fyller Musikkhøgskolen.

Program

  • Johan Halvorsen (1864–1935): Norsk rapsodi nr. 1 (inst. Stig Nordhagen)
  • Percy Grainger (1882–1961): Lincolnshire Posy
  • Samuel Barber (1910–1981): Commando March
  • John Barnes Chance (1932–1972): Elegy
  • Dmitrij Sjostakovitsj (1906–1975): Festive overture (arr. Donald Hunsberger)
  • Eric Whitacre (1970–): October
  • Fats Waller (1904–1943): Stealing Apples (arr. Reid Gilje)
  • Paul Hart (1954–): Cartoon

Medverkande

  • Christiania Blåseensemble
  • Nils Erik Måseidvåg (dirigent)

Nils Erik Måseidvåg

Nils Erik Måseidvåg frå Stavanger blir reikna som eit av Noreg sine store dirigenttalent, og har allereie gjesta fleire profesjonelle norske ensemble med suksess, mellom anna Oslo-Filharmonien, Bergen Filharmoniske Orkester, KORK, Marinemusikken, Stabsmusikken og Sjøforsvarets og Hærens Musikkorps. Gjennom konkurransar har han dirigert orkester som London Symphony Orchestra, Rotterdam Sinfonietta og Danmarks Radiosymfoniorkester. Nils Erik har delteke på internasjonale meisterklassar med lærarar som Neeme og Paavo Järvi, Vasily Petrenko, Jukka-Pekka Saraste, Jorma Panula, Manfred Honeck og Johannes Schläefli og fleire.

Nils Erik hadde debuten sin frå det Kongelige Danske Musikkonservatorium med Aarhus Symfoniorkester sommaren 2020, der han studerte under Giordano Bellincampi og Michael Schønwandt. Han har tidlegare tatt bachelor og master i orkesterdirigering ved Norges musikkhøgskole, under Ole Kristian Ruud og Sigmund Thorp, og studert klarinett med Leif Arne Pedersen og Bjørn Nyman.

Publisert: 6. jul. 2021 — Oppdatert: 8. sep. 2021