Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

Treblåskonsert

Kammermusikkveka: Klarinettistane Bjørn Nyman og Leif Arne T. Pedersen held kammermusikkonsert, med verk av Bernard, Linkola og Widmann.

Program

Emile Bernard (1842–1902): Divertissement, op. 36 for 2 fløyter, 2 oboar, 2 klarinettar, 2 fagottar og 2 horn

  1. Andante-Allegro
  2. Allegro Vivace
  3. Andante

Jukka Linkola (1955–): Chalumeax suite for klarinettensemble

  1. First part
  2. Slowly
  3. Marcato e maestoso

Jörg Widmann (1973–): Bayerich-Babylonischer Marsch

for 8 klarinettar og klaver

Omtale

Konserten sin raude tråd er musikk som underheld. Alle verk er skrive for å underhalde lyttaren, på kvar sin måte.

I Bernard får vi høyre skolen sine lærarar og studentar spele saman. Verket er skrive for dobbel blåsekvintett og har ein virtuos og diverterande stil. Eit sjarmerande stykke frå 1888, av den romantiske komponisten og organisten Emile Bernard.

I andre avdeling er det klarinettklassen under leiing av Leif Arne Pedersen som speler to diverterande verk for klarinettensemble. I Widmann forsterka av Haike Dietrich på klaver.

Jukka Linkola er ein finsk komponist med bakgrunn som jazzpianist, dirigent og komponist med et breitt spekter av repertoar for symfonisk musikk, opera og teatermusikk.

Widmann er klarinettist sjølv og har karriere som klarinettist, komponist og dirigent. Dette verket er eit virtuost underhaldande verk der klarinettisten Widmann bruker sin instrumentale kunnskap til å få klarinettar i forskjellige storleikar til å vise eit breitt klangleg register i denne pussige marsjen.

Publisert: 9. okt. 2021 — Oppdatert: 1. nov. 2021