Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Ultima: Extended Composition, del 2

Fire cellister står foran lys bakgrunn og spiller på celloene

Extended Composition-prosjektet byr på ein konsert med tre nye verk – «The Hands. The Double», «Ensemble Studies» og «BLY». Dette er del 2.

Jørn Erik Ahlsen Alkanger

I den samtidskompositoriske sfæren er ikkje materialet berre lyd, men i stadig aukande grad også bevegelse og ord. Det kritiske, kreative rommet rundt denne nye verkelegheita har generelt vore sein i utvikling på institusjonar der musikk blir skapt.

Forskingsprosjektet Extended Compositions jobbar med å inkorporere bevegelse som ein naturleg del av komponeringa av musikk. Under årets Ultimafestival vil du få oppleve verka «The Hands. The Double» og «Ensemble Studies» i del 1 og , «BLY» i del 2.

Program

BLY, med Ellen Ugelvik og Christian Blom.

BLY utforskar ei fantasiverd der det blir spelt på teikningar, og fjører blir til fjell. Ved ei endring i konstellasjon går vi frå eit avrive papirrusk til landskap i fugleperspektiv.

Animasjon, performance, musikk og teknologi glir i kvarandre og skaper ein forteljing som med enkle middel plasserer ein leik med moglege narrativ framfor lyttaren.

Medverkande

  • Ali Djabbary
  • Cecilie Lindemann Steen
  • Ellen Ugelvik

Publisert: 27. aug. 2021 — Oppdatert: 22. sep. 2021