Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Vandrande himmel og Nyslått

Helga Myhr med hardingfela, på FOLK

Folkemusikk og samtidsmusikk møtest i musikken til Henrik Ødegaard og Magnar Åm.

Karina Krokaa

Program

  • Magnar Åm (1952–): Vandrande himmel – folketone frå ingen stad
  • Henrik Ødegaard (1955–): Nyslått

Solistar

  • Malin Alander (sang)
  • Helga Myhr og Astrid Garmo (hardingfele)

Omtale

Vandrande himmel – folketone frå ingen stad er eit verk av Magnar Åm for seks strykerar og ein folkesongar. Åm fekk Arne Nordheims komponistpris for dette stykket, som i hovudsak var skrive spesielt for stemma til songaren Åsne Valland Nordli.

Vidare blir Nyslått av Henrik Ødegaard å høyre. Verket er sekssatsig og skrive for to hardingfeler og strykeorkester. Nyslått leiker seg med ein kombinasjon av klassisk musikk og tradisjonelt slåttespel.

Publisert: 4. aug. 2020 — Oppdatert: 24. aug. 2020