Kjell Habbestad

Stilling

Professor

Seksjon

Fagseksjon for musikkteori, komposisjon og musikkteknologi

Fagområde

Satslære

Fagmiljø

Musikkteori og gehør

Kontakt

Telefon: 23367262
E-post: kjell.habbestad@nmh.no
Mobil: 92631350
Kontor: 441

Kompetanseområder

  • Komposisjon
  • Musikkteori, satslære, funksjonsharmonikk: Kontrapunkt i Palestrinastil, kontrapunkt i Bach-stil, sonatesatsform
  • Komposisjonsteknikkar i det 20. århundre: Debussy, Bartok, Stravinsky, Schönberg, Messiaen, serialisme, minimalisme osv

Biografi

Kjell Habbestad
f. 13. april 1955 på Bremnes i Bømlo kommune, Sunnhordland, er professor i musikkteori og komposisjon. I 1975-79 studerte han kyrkje­musikk og i 1981 tok han diplomeksamen i komposisjon ved same institusjon, etter studier med Finn Mortensen, Olav Anton Thommessen og Lasse Thoresen. Habbestad var organist i Snarøya kyrkje, Bærum 1977-81 og i Langhus kyrkje 1986-87. I 1981 vart han tilsett som lektor i teorifag ved Bergen Musikkonservatorium, i 1986 som første­amanuensis ved Østlandets Musikkonservatorium, i 1996 som første­amanuensis ved Norges musikk­høgskole, professor frå 2013.

Som komponist debuterte Habbestad med ein 1.-pris i TONO’s komposi­sjonskonkurranse i høve 50-årsjubiléet i 1978, med korverket Magnificat. Tre år seinare vann verket Jubal 1.-pris i ein konkurranse ved innviing av nytt orgel i Borgund kyrkje, Ålesund.

Av større verk kan nemnast oratoriet Ei natt på jorda (1993) (HCD 2911), operaen Hans Egedes natt (1995) (Fest­spela i Nord-Noreg), operaen The Maid of Norway (2000) (Kulturby Bergen) og operaen Nenia — ein kammeropera til minne om Fartein Valen (2014) alle med tekstar av Paal-Helge Haugen, samt operaen Une Page d’Historie de la Civilisation (2005) (Karlstadforhandlingane 1905) og oratoriet Adam og Eva (2008) med tekst frå Wergelands Skabelsen, Mennesket og Messias. I 2011 fullførte han musikalen Greven av Monte Cristo. Mostraspelet, eit historisk spel om innføringa av kristendomen i Noreg på 1000-talet, har sidan 1983 vore framført på friluftsscena Moster Amfi på Bømlo. Scenemusikken føreligg óg i konsertversjon i Mostrasuite (HCD 2912).

Verk av konserterande karakter er: Konsert for obo og orkester (2012), Munchsuite, konsert for fløyte og strykarar, Ave Maria, konsert for orgel og strykarar, Etwas neues unter der Sonnen, konsert for hardingfele og symphonic band, Un rêve Norvégien, konsert for altsaksofon og symphonic band.

Av kammermusikk kan nemnast strykekvartetten Quattro Stazioni, det stort anlagde klaververket Hammerklavier, 14 Ibsensanger for baryton og klaver, Angeli for fløyte, fiolin, cello og piano (IDACD 3), Air d’été suedois for klarinettkvintett samt Strykekvartett nr. 2, til Oslo Griegfestival 2013. I 2012 utkom orgel-CD’en Gaudeamus (LWC 1031) med Introduction & Passacaglia over to temaer av Fartein Valen, i sentrum. Han har vidare ein stor produksjon av musikkdramatiske verk i mindre format, vokalverk og kantatar, samt omlag 90 motettar til dei ulike sundagar i kyrkjeåret.

Kjell Habbestad har óg gjort seg gjeldande som skribent og redaktør. I 1989 utgav han Cantate, ei hand­bok over korverk til kyrkjeleg bruk, på Verbum forlag. I samband med Norsk Komponist­forenings 75-års jubileum i 1992 var han redaktør for bøkene Temaer, tendenser og talenter — Norsk samtidsmusikk gjennom 25 år — og Arrangementer, arenaer og aktører i norsk samtidsmusikk. I 1996 og 97 var han redaktør for komponistforeningens årbøker for norsk samtidsmusikk. Han vart medlem av Norsk Komponistforening i 1981. I perioden 1987-96 var han styre­medlem, frå 1990 til 1996 viseformann, og i perioden 1996 til 2002 formann i foreiningas musikk­faglege råd. Han var óg styreformann i Komponistenes Vederlagsfond, 2002-2005 og formann i TONOs vurderingsutvalg 2005-2007.

Bakgrunn

Utdanning

  • Kyrkjemusikk hovudstudium (1979).
  • Komposisjon diplom (1981).
  • Pedagogisk seminar (Bergen musikkonservatorium 1982).

Jobberfaring

  • Organist i Snarøya kyrkje (1977-81).
  • Lektor ved Bergen Musikkonservatorium (1981-86).
  • Organist i Langhus kyrkje (1986-87).
  • Førsteamanuensis ved Østlandets Musikkonservatorium (1986-96).
  • Førsteamanuensis ved Norges musikkhøgskole frå 1996.
  • Professor ved Norges musikkhøgskole frå 2013.

Festivalsjef Smôga Kammarmusikfestival, Västra Näs, Årjäng, Sverige 

 
Eier du denne profilen? Rediger din profil