Jazzvokalensemble Full hals

Jazzvokalensemblet Full hals

Jazzvokalensemblet blandar jazz, gospel og samtidsmusikalsk improvisasjon og lagar konsertar med stor publikumsappell.

Vokalensemblet Full hals består av jazzsongstudentar ved Norges musikkhøgskole, og er eit eige fag ved skolen, etablert hausten 2005.

Songarane har veldig ulik bakgrunn, og har saman mange forskjellige ingrediensar å tilføre musikken. Samtidsmusikalsk improvisasjon, gospel og jazz er nokre av dei musikalske referansane songarane står for og blandar om kvarandre. I improvisatorisk samsynging har dei ikkje for stor eller for liten respekt for ulike stilar. Trass i delvis skiftande besetning frå år til år, har ensemblet eit songleg høgt nivå, og rom for musikalsk kommunikasjon og humor der kvar og ein kan bringe fram sine personlege, sterke vokale sider. 

Ein konsert med Full hals rommar både vakre og stille stemningar, vokalt trøkk og laussluppen leik med groovande musikk med stor publikumsappell. Stoffet dei arbeidar med spenner frå fri impro, til gjennomarrangerte poplåtar, i originalarrangement av studentane sjølve eller Guro Gravem Johansen.

Les om emnet Jazzvokalensemble i Studiehandboka.

Leiar

imported-image

Guro Gravem Johansen

Førsteamanuensis

Didaktikk, Jazz-gehørtrening

 

Arrangementer

Full hals til matpakka

Full hals til matpakka 24. august 2015

Musikkhøgskolens jazzvokalensemble Full hals, under leiiing av Guro Gravem Johansen, syng m.a. låter av Marvin Gaye, Beyonce, Justin Timberlake, Spyro Gyra og Prince midt i lunsjtida.

Sist oppdatert: 4. mars 2015