frank.havroy.jpg

Aleine, saman

Tidvis kan det vera store forskjellar mellom å syngje «solistisk» og å syngje «koristisk». Frank Havrøys doktorgradsprosjekt undersøkjer korleis det er å syngje i vokalensemble.

Songutdanninga er på mange måtar retta mot utviklinga av solistiske stemmer. Trass i det er det ofte i ensembla at jobbane finst. Eit tilfelle er operakor, og det er heller ikkje uvanleg å møte på ensemblesong som solist. Mozart-operaer er til dømes stappande fulle av større eller mindre ensemblekonstellasjonar.

Songarar i vokalensemble treng ofte ein heilt særeigen kompetanse, spesielt når det gjeld intonasjon, kommunikasjon og vokaltekniske spesialitetar som vibratokontroll. Desse skil seg gjerne frå kompetansen songarar brukar i solistisk song. Frank Havrøy har spesialisert seg på dei evnene ein treng for å syngje godt i eit ensemble.

Havrøy gjer ein kasusstudie av det tyske vokalensemblet Neue Vocalsolisten Stuttgart og søkjer å finne ut kva slags kompetanse songarane der opparbeider seg over tid. For å finne ut kva som særmerker songpraksisen har han intervjua songarane, observert dei når dei syng saman, og sunge med dei sjølv. Studien har fått tittelen Alone together – Vocal Ensemble Practice Seen through the Lens of Neue Vocalsolisten Stuttgart.

Kunnskapen frå studien brukar Havrøy når han underviser songstudentar på NMH i større og mindre ensemble. Ambisjonen er å få til eit lite studentensemble som jobbar saman gjennom heile studiet.

Sist oppdatert: 23. april 2015