Pressekonferanse 24.4.14. eksepertgruppen og ministrene
Eksepertgruppa overleverte rapporten ”Det muliges kunst” til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og kulturminister Thorhild Widvey på ein pressekonferanse på Musikkhøgskolen 24. april.

10 forslag til å betre kunst og kultur i opplæringa

Å opprette eit nytt nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa er eit av hovudgrepa tidlegare rektor ved Musikkhøgskolen Eirik Birkeland og ekspertgruppa for kunst og kultur i opplæringa ser på i den nye rapporten ”Det muliges kunst”.

Dei overleverte rapporten til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og kulturminister Thorhild Widvey på ein pressekonferanse på Musikkhøgskolen 24. april.

Lenke til rapporten "Det muliges kunst".

Eirik Birkeland presenterte rapporten og la blant anna fram ei liste med 10 konkrete forslag frå ekspertgruppa. Dei tilrår samarbeid mellom sektorane og eit reelt samarbeid mellom Den kulturelle skolesekken og kulturskolen, som del av den kulturelle grunnmuren lokalt. 

  • Forslag 1. Anerkjenn verdien av kunst, kulturmøter og kulturell kompetanse – formuler politikk for eit mangfoldeg og inkluderande samfunn
  • Forslag 2: Sørg for politisk merksemd og engasjement for kunst og kulturfag på alle leiarnivå – bruk styringslinja.
  • Forslag 3: Utvid porteføljen til den politiske styringsgruppa for den kulturelle skolesekken til også å omfatte kulturskoleverksemd.
  • Forslag 4: Styrk samarbeidet mellom kultur- og utdanningssektor – og tydeleggjer oppgåvedelinga mellom nasjonalt, regionalt og lokalt nivå.
  • Forslag 5: Utnytt ressursane betre og utvid kunnskapsgrunnlaget – samlokaliser og koordiner verksemda gjennom eit nytt nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa.
  • Forslag 6: Støtt opp om utvekling og kvalitet i den lokale kulturelle grunnmuren med barnet og eleven i sentrum.
  • Forslag 7: Still krav til fagkompetanse.
  • Forslag 8: Ta initiativ som kan utvekle og forankre Den kulturelle skolesekken betre i både utdannings- og kultursektoren.
  • Forslag 9: Lag tydelegare profil for kulturskolesatsninga.
  • Forslag 10: Auk medvitet og kunnskapen om yrke og næringsverksemd som krever yrkesfagleg utdanning i handverksfag eller høgare kunstfagleg utdanning.

Tydeleg, samlande og nytenkjande

– Rådene ser ut til å vere tydelege og samlande, men og nytenkjende. Eg håper at ekspertgruppas tilråding skal vere med på sterkare og reelt samarbeid mellom utdannings- og kultursektoren på alle nivå, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. 

– Det er gjort eit stort arbeid frå ekspertgruppa for kunst og kultur i opplæringa, og eg ser fram til å settje meg inn i rapporten. Kunst og kultur for barn og unge er viktig. Vi ønskjer å satse på kvalitet både når det gjeld innhald og formidling av kultur til barn og unge. Samstundes ønskjer vi at barn og unge skal få eit mangfoldig og godt kunst- og kulturtilbod, både i form av opplæring og opplevingar, sa kulturminister Thorhild Widvey.

Hurtigarbeidande

Ekspertgruppa for kunst og kultur i opplæringa blei oppnemnd av Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet hausten 2013.

Mandat

Mandatet for ekspertgruppas arbeid beskriv behovet for å få ein bedre koordinert og samla innsats i arbeidet med kunst og kultur for barnehage og skole. 

Ekspertgruppa skal kartlegge aktuelle fagmiljøer med skoleretta verksemd og vurdere korleis ein betre kan styrke, samordne og koordinere arbeidet med kunst og kultur. Gruppa skal gi råd om korleis ein bør etablere ein heilhetleg satsing.

Eksepertgruppa

I ekspertgruppa for kunst og kultur i opplæringa sit Eirik Birkeland (leiar), Sissel Andsnes, Magne Espeland, Ann Evy Duun, Ole Hamre, Berit Kirksæther, Aslak Sira Myhre og Elisabeth Sørheim

 

Bileta frå pressekonferansen

Foto: Egil Hofsli - Kulturskolerådet.

  • Pressekonferanse 24.4.14. kulturminister ankommer NMH
  • Pressekonferanse 24.4.14. kunnskapsminister ankommer NMH
  • Pressekonferanse 24.4.14. Eirik Birkeland presenterer rapport Det muliges kunst
  • Pressekonferanse 24.4.14. kulturminister snakker
  • Pressekonferanse 24.4.14. kunnskapsminister snakker
  • Pressekonferanse 24.4.14. samtale E Birkeland og ministrene
  • Pressekonferanse 24.4.14. eksepertgruppen og ministrene
  • Det muliges kunst.jpg
Sist oppdatert: 24. april 2014