Professor Barbro Marklund-Petersone underviser
Professor Barbro Marklund-Petersone underviser masterstudentar i song ved Norges musikkhøgskole. Foto: Jarle Nyttingnes.

170 ariar til framtidas operasongarar

Professor Barbro Marklund-Petersone ved Norges musikkhøgskole presenterte sitt prosjekt 170 ariar for unge stemmer på den internasjonale Eurovox-kongressen i Riga, 18-20 juni. Dette er ei systematisk tilnærming til å lære å syngje opera og oratoria som songpedagogar har sakna.

Strupehovudet er eit av verdas minste instrument. Dette litle organet har mange fine musklar som kontrollerer stemmebanda og kan trenas til å laga enorm lyd, som i operasong. Men det krevjast vitskapeleg og systematisk tilnærming å trene opp unge stemmetalentar til å bli topputøvarar.

Professor Barbro Marklund-Petersone ved Norges musikkhøgskole har gjennom eit langt virke og på sine reiser som internasjonal songar og pedagog samla noter frå antikvariat, bibliotek, arkiv, oratorie- og operalitteraturen. Dette er musikken som stiller dei aller høgaste tekniske krava til songarar, men til no har det mangla songbøker tilrettelagt for å byggje opp unge stemmer til å meistre teknikken.

- Det finns veldig mange unge som vil syngje opera, men stemmane må byggjast opp langsamt. Til samanlikning, om ein går på SATS for fyrste gong og vil prøva vektene, byrjar ein ikkje med 50kg, seier professor Marklund-Petersone.

På den internasjonale Eurovox-kongressen i Riga, 18-20 juni, presenterer ho sitt forskingsarbeide med ei samling av 170 ariar for unge (17-24 år) songarar.

Kunstnarisk kunnskapsformidling

Når Marklund-Petersone presenterer prosjektet sitt på Eurovox-kongressen er det med unge songarar i live workshops framfor dei beste songlærarane i Europa, slik at dei kan sjå vitskapen i prosjektet anvendt i praksis.

Det var i møte med songpedagogar at ho fyrst fekk ideen til prosjektet. Det er nemleg opp til læraren å gi rett repertoar til eleven, og pedagogane etterlyste hjelp med opera- og oratorierepertoaret, som var altfor krevjande for vidaregåande elevar. Nokre av repertoarkrava for å starta songstudiar var halsbrekkande for unge stemmer, og den systematiske tilnærminga mangla.

Etter invitasjon presenterte ho i 2013 prosjektet for International Congress of Voice Teachers, paraplyorganisasjonen for alle nasjonale og regionale songpedagogforbund og ein verdsarena der berre dei prosjekta som held det høgaste nivået slepp til. Samlinga for unge stemmer - som den gongen var på 150 ariar - vart motteke med begeistring; songpedagogar har sakna dette systematiske og praktisk anvendelege materialet, og det vil kunne hjelpe arbeidet og progresjonen hos unge songtalent i framtida.

Kriteria til ariar for unge songarar

Professor Marklund-Petersone har sju bestemte kriteria til arierepertoaret for unge røyster: (1) repertoaret skal vere på nivået under profesjonelt auditionrepertoar; (2) det skal innehalde fleire språk; (3) ha gode melodiar og vere substansielt nok til å nytte til opptaksprøver, konkurransar og auditionar; (4) ariane skal ikkje vere for lange; (5) må ikkje ha for store sprang; (6) ikkje spenne eit for stort register; og (7) må heller ikkje ha for mykje, for lang eller svært rask koloratur.

- Med andre ord: Eit litt lettare repertoar enn profesjonelt auditionrepertoar, med ein kvalitet og standard som likevel ikkje på noko vis skal vere blast eller uinteressant, seier professoren.

Dette er fordi stemma ikkje er utvikla til å meistre den mest krevjande teknikken i ung alder. Til skilnad frå andre instrument der ein kan byrja å øva teknikk som barn må songarar venta til etter stemmeskiftet. Stemmebanda veks i puberteten til å bli omlag 15 mm lange hjå kvinner, og opptil 25mm lange hjå menn. Dette gjer at tessituraen søkk og stemmen endrar seg.

- Då eg var ung var det ingen som satt spørsmål ved at det ville ta 8 år å bli songar – det er ikkje realistisk å bli songar i løpet av ei bachelorgrad, seier professor Marklund-Petersone som har undervist toppsongarar ved operaakademi og gitt meisterklassar over heile verda i meir enn 30 år.

Eksempel frå samlinga 170 arier for unge stemmer på Spotify

«Taket er høgt og golvet er lågt i munnen til ein operasongar»

Stemmebanda svingar 440 gonger i sekundet når ein syng kammertonen A på 440Hz. For å syngje den høge sopran-C’en må stemmebanda svinge omlag 1047 gonger i sekundet. Det er små musklar som skal gjere ein enorm jobb. Uthald, styrke og kontroll over stemmebanda skal trenast, men dette må skje så fritt at ein ikkje koplar inn mange andre muskelgrupper som må vere avslappa for å få det rette resonansrommet, som er heilt essensielt.

- Ein trong hals er ikkje noko for ein operasongar; ein må syngje med lågt strupehovud og stort kvelv i ganen – taket er høgt og golvet er lågt i munnen til ein operasongar.

Marklund-Petersone presiserer at vi alle likevel er forskjellige og utviklar oss ulikt, noko songpedagogar må ta omsyn til,

- Ein må ikkje presse unge stemmer, det er det verste. Det er eit grannlaga jobb å finne materialet som passer akkurat den stemmen du har framfor deg, men ein må finne eit personunikt repertoar. Og ein skal gi til studentane det dei klarar slik at dei ikkje mister motet.

Meir enn berre Tryllefløyta

Det er nettopp dette samlinga med 170 ariar for unge stemmer skal hjelpe til med, slik at pedagogar kan velje passande stykke til elevane sine. Mange lærarar i den vidaregåande opplæringa har ikkje sjølv kjennskap nok til songmusikklitteraturen. Marklund-Petersone si kunstnariske forsking tek utgangspunkt i personleg erfaring. Hennar musikalske bakgrunn og repertoarkunnskap innan alle epokar og språkområdar utgjer mykje av kunnskapsbasen - ho har eit variert personleg musikkbibliotek som inneheld mange mindre kjende verk som ho har samla gjennom eit langt virke som songar og pedagog. I tillegg har ho grava i noter i bibliotek, antikvariat, operaer og oratoria på leiting etter heilt spesielle ting som kan passe for dei unge stemmane. Dernest har ho testa materialet på seg sjølv, og nokre gonger på elevane sine.

«Kommer til å ta forever»

Prosjektet er på ingen måte avslutta med dei 170 ariane.

- Her ligg sjølvklart uendeleg mange timar med graving og selektering. Men oi, så mykje hyggeleg repertoar eg har oppdaga som eg ikkje kjente sjølv ein gong; for eksempel har Baldassare Galuppi 109 operaer! … Dette er eit arbeide som kommer til å ta forever, ler professor Marklund-Petersone.

Men det har lenge vore behov for dette forskingsbaserte songopplæringsmaterialet og derfor ynskjer Marklund-Petersone å gi ut ariane i ei bok, med hennar eigne notater til rettleiing for dei unge stemmetalenta som kan hende blir framtidas operautøvarar.

Eksempel frå samlinga 170 arier for unge stemmer på Spotify

Sist oppdatert: 23. juni 2015