Astrid Kvalbein lavopp
Astrid Kvalbeins arbeid kastar nytt lys både over Hall og tidene ho levde i. Foto: Kimm Saatvedt.

Disputas om Pauline Hall

Tysdag 23. april kl 10.00 disputerer Astrid Kvalbein over Pauline Hall som pådrivar for å modernisere musikklivet i Noreg.

Avhandlinga har tittel Musikalsk modernisering: Pauline Hall (1890-1969) som komponist, teatermenneske og Ny Musikk-leiar.

Les meir om disputasen i arrangementskalendaren.

Pauline Hall (1890-1969) var ein markant person i musikklivet i Noreg, og på mange vis ein pådrivar for å modernisere det.

Ulik forståing av modernitet

I sitt doktorgradsprosjekt har Astrid Kvalbein utforska hovudpersonens verksemd gjennom dei to første tredjedelane av 1900-talet med ulike forståingar av modernitet og modernisme som omdreiingspunkt.

Framstillinga er strukturert rundt tre viktige roller Hall hadde i musikk- og kulturlivet:

  • ho skilte seg tidleg ut som ein fransk-inspirert komponist
  • ho falda seg ut som teatermenneske ved både å skrive scenemusikk og å regissere
  • ho var grunnleggjar og mangeårig leiar av organisasjonen Ny Musikk

Skribent og debattant

I tillegg utmerkte ho seg gjennom fleire tiår som skribent og debattant, særleg som kritikar i Dagbladet.

Kvalbein nærmar seg Hall frå tre forskarposisjonar:

  • ein biografisk
  • ein utøvande
  • ein kultursosiologisk og diskursorientert

Nytt lys over Pauline Hall

Den mangesidige musikkpersonen kjem slik fram gjennom skildringar av livet til Hall, levande tolkingar av songane hennar (lagt ved på CD) og tematiske drøftingar knytt til dei overordna spørsmåla om modernitet. Til saman kastar arbeidet nytt lys både over Hall, impulsane ho formidla frå eit større Europa til Noreg og tidene ho levde i.

Sist oppdatert: 17. april 2013