Erik Nerheim. Foto: Silje Måseide

Erik Nerheim med 68 urframføringer!

68 nye verk på 60 sekund av 68 komponistar. Det er hva du får høre søndag 2. juni kl 19.00 i Lindemansalen.

68 komponistar har bidrege med 68 nye verk til eksamenskonserten for masterstudent Erik Nerheim. Kriteria for stykka var at dei skulle vere for saksofon, vere på maks 60 sekund og ikkje vore framførte før. Verka spenner mellom anna frå solo bassaks til saksofonkvartett, frå jazzlåtar til konseptuelle verk.

Alle 68 komposisjonane vert framført i eit strekke på konserten i Lindemansalen, Norges musikkhøgskole, 2. juni kl 19.00.

Sjeldan og unik oppleving

Det er ei sjeldan og unik oppleving å få høyre så mange ulike komponistar på same konsert. Spennet i stil og uttrykk er enormt, og det ligg ei ekstrem mengde kreativitet bak alle verka. Konserten er og historisk ved at den set rekord i antal urframføringar av ulike komponistar på same konsert.

Ofte er det 68 musikarar som framfører ein komponist. Erik Nerheim har snudd det på hovudet: No er det 68 komponistar som framfører ein utøvar!

Ei rekke kjende og ukjende komponistar har bidrege med komposisjonar, sjå heile lista i arrangementskalenderen.

Konserten er avsluttande mastereksamen for Nerheim. Tidlegare i masterstudiet har han mellom anna arrangert sin eigen festival: Erik Nerheim Saxofonfestival, der holdt han åleine 25 konsertar i løpet av tre dagar.

Biografi

Erik Nerheim(1986) er saksofonist, musiker og komponist fra Suldal i Rogaland. Han er utdanna frå Norges musikkhøgskole og Universitetet i Oslo og har i mange år vore aktiv som musikar og komponist i ei rekke sjangrar og konstellasjonar. Han har i løpet av dei siste 4 åra holdt over 200 konsertar med ulike prosjekt.

Sist oppdatert: 31. mai 2013