Even Ruud foto Paal Audestad.jpg

Festskrift til Even Ruud

Kven fortener vel fagleg anerkjenning meir enn han?

Endeleg kjem det eit festskrift for Even Ruud. Lanseringa er open for alle. Velkommen!

Boka, som er eit samarbeid mellom CREMAH (Senter for forskning i musikk og helse), CERM (Senter for musikkpedagogisk forskning) ved Norges musikkhøgskole og Institutt for musikkvitskap på UiO, inneheld 17 fagfellevurderte tekstar frå musikkterapi, musikkpedagogikk og musikkvitskap. Alle tekstane har til felles at dei har noko med Ruuds idear og teoriar å gjere. Ruud har vore ein enorm inspirasjon for mange - og er vel ein av våre mest siterte musikkfagsteoretikarar.

Alle musikkterapeutar, musikkpedagogar og musikkvitarar i Norge - og mange i Norden og resten av verda kjenner til Even Ruud og hans innsats for musikkfeltet og særleg musikkterapien. Til sommaren fyller han 70 år, og det er i den forbinding vi gir ut eit festskrift i hans namn, ei utgiving som blir den 10. vitskaplege antologien i CREMAHs Skriftserie. Redaktørar er (i alfabetisk rekke): Karette Stensæth, Gro Trondalen og Øivind Varkøy.

Sist oppdatert: 31. mai 2017