Gro Marie Svidal

Gro Marie Svidal er Noregs beste hardingfelespelar

Tidlegare student ved Musikkhøgskolen Gro Marie Svidal gjekk heilt til topps i hardingfelespel klasse A under Landskappleiken på Geilo søndag 29. juni. Det er første gong at Svidal står heilt på toppen av resultatlista.

Landskappleiken er landets eldste festival, og samlar årleg om lag 1000 spelemenn, dansarar og kvedarar frå heile landet til konkurranse.

Gro Marie Svidal gjekk ut frå Musikkhøgskolen i 2010 og ho skreiv masteroppgåva ”Ve’dunderlæ” om den munnlege kommentaren i hardingfelekonserten.

Masteroppgåve om snakket mellom låtane

Spørsmåla ho stilte seg i oppgåva var: Kva kjenneteiknar den munnlege kommentaren? Kva funksjon kan munnlege kommentarar ha i ein hardingfelekonsert? Kva innhald i den munnlege kommentaren er relevant, interessant, forventa eller akseptert? På kva måtar kan eg som utøvar legge fram den munnlege kommentaren?

– I folkemusikkmiljøet er det heilt vanleg å fortelje mye om slåttane ein skal framføre. Målet med forskingsprosjektet var å bli ein dyktigare formidlar av dei munnlege kommentarane i ein hardingfelekonsert. Eg ønskjer samstundes utvikle min eigen stil og sjå på korleis eg kan føre vidare tradisjonen med å knyte kommentarar til slåttar i ein formidlingssituasjon.

Vekte oppsikt

Gro Marie Svidals oppgåve ble lagt merke til og ho var eit ybda intervjuobjekt i tida etter eksamen.
Les også om masterprosjektet i Ballade: Master i snakk og i Aftenposten: Mastergrad i konsertprat.

Folkemusikkstudiet ved Musikkhøgskolen

Folkemusikkstudiet på Musikkhøgskolen har fokus på norsk tradisjonsmusikk, legg vekt på å utvikle instrumentale og vokale ferdigheiter, på framføring, formidling og stilforståelse. Studentene får breid erfaring i å arrangere folkemusikk, og opplever musikalske møte med andre sjangrar og musikk frå andre kulturar.

Folkemusikkstudiet ved Norges musikkhøgskole har òg sin eigen facebookside.

 

Ellen Andrea Wang.jpg

Norges største jazzpris til Ellen Andrea Wang 07. juli 2015

Kongsberg jazzfestivals store musikerpris på 300 000 kroner gikk i år til bassist, vokalist og tidligere NMH-student Ellen Andrea Wang.

live.m.roggen.jpg

Live Maria Roggen festivalkomponist på Voss 02. desember 2014

Professor i jazzsong ved Musikkhøgskolen Live Maria Roggen blir festivalkomponist under Vossajazz 2015.

Ellen Ugelvik

Ellen Ugelvik urframfører Magne Hegdal 05. november 2014

Kunststipendiat Ellen Ugelvik vil sammen med Kringkastingsorkestret urframføre Magne Hegdals nye verk «Konsertstykke» i tre deler for piano og orkester.

Sist oppdatert: 2. juli 2014