Malcolm Bilson - Kopi (2).jpg
Malcolm Bilson. Foto: Ellen Zaslaw.

Klaverdagane 13.-15. februar

Vi inviterer til tre dagar med musikalsk og verbal formidling, på gamle og nye klaver! Programmet vil dreie seg rundt klaverspel før og no, og særleg ta for seg Beethoven og hans samtidige.

Hammarklaver-nestoren, professor Malcolm Bilson frå Cornell University i USA, vil halde meisterklassar, foredrag og konsertar. 

Kollegaer frå Musikkhøgskolen og Grieg-akademiet står for konsertar og faglege presentasjonar.

Klaverdagane blir avslutta med ein minnekonsert for Benny Dahl-Hansen (1923-2011), tidlegare klaverpedagog og rektor ved Musikkhøgskolen.

Onsdag 13. februar

Levinsalen kl 19.30

Opningskonsert

Malcolm Bilson deltar på hammarklaver. Høyr også samt duoane Torleif Torgersen og Hilde H. Sveen frå Griegakademiet i Bergen og Kristin Fossheim og Steinar Granmo Nilsen.

Torsdag 14. februar 

Levinsalen

Kl 10.00-11.30

Open meisterklasse med Malcolm Bilson

Masterstudentar spelar

Kl 12.15 
Lunsjkonsert med Malcolm Bilson, hammarklaver

Faglege presentasjonar:

Kl 15.00-16.30
Open meisterklasse med Malcolm Bilson
Bachelorstudentar spelar

Kl 17.00
Konsertforedrag av Tor Espen Aspaas, klaver
”Quasi una fantasia - Øreblikkets kunst. Improvisasjonshistoriske glimt med fokus på Beethoven”

Kl 19.00
Kammerkonsert med Knut Johannessen, hammarklaver og Tor Johan Bøen, fiolin
Beethoven: Sonatar for klaver og fiolin

Fredag 15. februar 

Levinsalen

Fagelege presentasjonar:

Det faglege programmet blir avslutta med diskusjon og oppsummering.

Lindemansalen kl 18.00
Minnekonsert for Benny Dahl-Hansen

Som pianist, klaverpedagog og rektor ivra Benny for levande kunnskap om oppføringspraksis. Ho tok initiativ til å kjøpe inn Musikkhøgskolens første hammarklaver, og har saman med Liv Glaser gitt donasjonar Slik har dei gjort sitt til at høgskolen i dag har ei fin samling med historiske klaver, som blir brukte både til undervisning, konsertar og CD-innspelingar. Den 29. januar 2013 ville Benny ha fylt 90 år. Vener og kollegaer ved Noregs musikkhøgskole vil heidre henne med denne konserten.

Vi får høyre, i tillegg til opptak med Benny sjølv, pianistane Malcolm Bilson, Liv Glaser, Einar Steen-Nøkleberg, Jens Harald Bratlie, Lars Haugbro og Tor Espen Aspaas, duoane Knut Johannessen/Tor Johan Bøen (hammarklaver/fiolin) og Kristin Fossheim/Steinar Granmo Nilsen (hammarklaver/naturhorn).
Konsertvert: Liv Glaser

Prosjektansvarleg for klaverdagane er fagseksjonsleiar Hilde Ringlund.

Sist oppdatert: 6. februar 2013