Konsertsesongen er igang!

Nytt sesongprogram er klart. Her finn du høgdepunkta frå Musikkhøgskolens konsertar våren 2016.

Allereie 8. januar gjekk startskuddet då Erlend Skomsvoll kom med prosjektet «The blues & the abstract youth». Han har på bestilling frå Musikkhøgskolen skrive nye arrangement for eit stort improviserande orkester.

Veka etter, 15. januar, speler Musikkhøgskolens storband ny norsk jazzmusikk komponerte av studentar og lærarar ved Musikkhøgskolen.

Musikkhøgskolens symfoniorkester speler Vårofferet av Stravinskij og filmusikken frå Star Wars 29. januar.

alt

Eit første møte med to meistrar: Tysdag 16. februar speler dei to nye klaverprofessorane våre Marianna Shirinyan og Kathryn Stott saman for første gong.

Det segnomsuste band Søyr gjør eit historisk comeback 9. mars. No med nokre nye namn og ny musikk.

«Less is more»: Kom på konsert 18. mars og høyr storslagne Brahms deutsches requiem i kammerversjon med Musikkhøgskolens kammerkor og eit ensemble med ni personar. Professor Grete Pedersen dirigerer.

Brahms-maraton: Laurdag 23. april kan du høyre alle klaververka til Johannes Brahms samla på ein og same dag frå kl 12.00 til ca 19.30. Ta med matpakke!

Førsteprisvinner i janitsjar, Musikkhøgskolens eget korps Christiania blåseensemble, er plukka ut til EM, men først skal dei prøve ut programmet på eit norsk publikum laurdag 29. mai.

Meir informasjon

Musikkhøgskole er ein av dei største konsertarrangørane i landet med rundt 400 konsertar i året innan dei fleste musikksjangrar.

Sesongprogrammet finn du i foajeen på Musikkhøgskolen, eller i administrasjonen. Eller send ein mail til kommunikasjon@nmh.no for å få eit program i posten.

Full oversikt over konsertane og fleire arrangement finn du i arrangementskalenderen.

Sist oppdatert: 13. januar 2016