Undervisning Live Roggen
Live Maria Roggen med student Sigrid Aase.

Live Maria Roggen festivalkomponist på Voss

Professor i jazzsong ved Musikkhøgskolen Live Maria Roggen blir festivalkomponist under Vossajazz 2015.

Tingingsverket 2015 har arbeidstittel «Apokaluptein – The uncovering» og blir framført i Vossasalen laurdag 28. mars kl 18.00.

– Dei to titteldelane betyr meir eller mindre det same: apokaluptein (gr.) er rota til det kjente ordet apokalypse, altså verdas undergang, men i seg sjølv betyr det å avdekke, avsløre. Når noko bryt saman, kjem eit nytt lag av verkelegheita til syne", seier Roggen til vossajazz.no.

Eigne komposisjonar og improvisasjonsarbeid

Vidare skriv Vossajazz: Neste års Tingingsverk skal verta ei vidareutvikling av Live Maria Roggen sitt tidlegare arbeid med eigne komposisjonar og improvisasjonsarbeid. Ho arbeider innafor ein gehørstradisjon der utøvarane og samspelet påverkar komponeringa: musikarane sine særprega uttrykk, og møtet mellom dei og komposisjonane, vert del av den skapande prosessen. Roggen høyrer for seg eit lydbilete med både akustiske og elektroniske/manipulerte element. Ho har valt ut eit ensemble av musikarar som ho tenkjer kan verta ei kraftfull rytmisk eining, men som òg kan skape både djupe og eteriske lydrom. Tekstane er assosiasjonar rundt ei historie som er rotfesta i vår urolege tid.

Professor i jazzsong

Live Maria Roggen starta opp som lærar ved Norges musikkhøgskole i 2006 og ble professor i jazzsong i Seksjon for improvisert musikk, jazz og folkemusikk i 2012.

Karriera til Roggen som musikar skaut fart på slutten av 1990-talet då ho var med på å starte opp Wibutee og året etter danna gruppa Come Shine. Ho har mottatt Spellemannprisen to gonger: i 2002 med Come Shine og i 2007 som soloartist med plata «Circuit Songs», som var både eigenkomponert og -produsert.

Les også:

Ellen Andrea Wang.jpg

Norges største jazzpris til Ellen Andrea Wang 07. juli 2015

Kongsberg jazzfestivals store musikerpris på 300 000 kroner gikk i år til bassist, vokalist og tidligere NMH-student Ellen Andrea Wang.

Ellen Ugelvik

Ellen Ugelvik urframfører Magne Hegdal 05. november 2014

Kunststipendiat Ellen Ugelvik vil sammen med Kringkastingsorkestret urframføre Magne Hegdals nye verk «Konsertstykke» i tre deler for piano og orkester.

Sist oppdatert: 2. desember 2014