Skal grunnskolen framleis synge lite og dårleg, kunnskapsminister?

Ministeren får neppe norske musikkpedagogar med seg på noko hipp hurra.

1-2-3, seier kontaktlæraren til klassen sin på juleavslutninga, der 30 andreklassingar med heile skolens auger på seg er forventa å utføre noko dei ikkje får hjelp til: å synge ein song.

Songen går ikkje i ¾-takt som opptellinga skulle tilseie, og barna får ikkje det vagaste hint om kva for tempo songen skal gå i. Dei får heller ikkje nokon starttone, så dei gjer det beste ut av det og startar på kvar sin tone, litt etter litt. Læraren legg sin stemme i eit lågt voksenleige ingen av barnas små struper har føresetnader for å følge. Kva for oppleving barna har av dette kan kanskje 30 kroppars språk seie noko om, der nokre ser i golvet og andre forsøker å vri seg vekk frå blikka til medelevane.

Signe Kalsnes
Guro Gravem Johansen

Dette er ein typisk situasjon frå norsk grunnskole i dag. Den dannar også bakteppet for å forstå kva som fekk Solveig S. Kolaas til å skrive kronikken «Sang er fjernet fra skolens overordnede læreplan – Er ikke sang viktig i skolen lenger?» (Adressa 3. oktober), etter ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet (1. september) om fastsetting av ny overordna del i læreplanen for grunnskolen.

Kronikken utløyste ei flodbølge av engasjement og raseri. Facebookgruppa «Protestgruppe mot fjerning av sang i læreplanen» blei raskt oppretta, og fekk på få dagar over 24.000 medlemmar. Saka fekk brått voldsom merksemd i fleire medier, mellom anna fordi mange trudde at song og musikk skulle fjernast frå læreplanen, og både Utdanningsdirektoratet og kunnskapsminister Henrik Asheim rykka ut.

Asheim klemte til med ein songvideo frå departementskontoret, med eigenlaga tekst på «Bamsens fødselsdag». Ein lakonisk kommentar i feltet for denslags påpeikte at melodivalget viser korleis pedagogisk songbruk har stoppa i barnehagen, men det var ingenting å seie på songferdigheitene i framføringa av følgande: «… som sjef for skolen vår, sier jeg så du forstår: Hipp hurra for spill og sang og barns utforskertrang.»

Det er altså berre ordet song som er tatt ut av den overordna læreplanen. Som eit verdidokument skal denne delen ikkje romme fagspesifikke kjerneelement. Har endringa då noko tyding?

Når han uttalar at «–Det skal synges like mye i skolen i fremtiden som i dag», så er det ikkje betryggande med tanke på kor liten plass song og musikk har i dag.

Ministeren får neppe norske musikkpedagogar med seg på noko hipp hurra. Tvert om framstår det som ein billig avleiingsmanøver å lage eit underhaldningsinnslag på rim i den tru at han kan stagge frustrasjonen over 30 års systematisk svekking av musikkfaget og praktisk-estetiske læreprosessar. Når han uttalar at «–Det skal synges like mye i skolen i fremtiden som i dag» (6. oktober), så er det for det første ikkje betryggande med tanke på kor liten plass song og musikk har i dag. Frå 1974 til 2010 har praktisk-estetiske fag gått ned frå om lag 20 prosent av timetallet i grunnskolen, til 12,3 prosent. Musikk er i dag skolens nest minste fag. For det andre kviler framtidsspådomen til ministeren på ein føresetnad som Kunnskapsdepartementet under Høgre bidreg til å svekke: viss barn skal synge i skolen må læraren sjølv kunne bruke song pedagogisk.

På opninga av Kulturtanken 6. september uttalde også Torbjørn Røe Isaksen at den største hindringa for god undervisning i praktisk-estetiske fag er for lite kompetanse. Men dette er hule ord når departementet sjølv sitt med nøkkelen. I dag får ikkje lærarar undervise verken på barne- eller ungdomstrinnet i faga norsk, matte og framandspråk om dei ikkje har utdanning i desse faga. I musikk er det berre kompetansekrav på ungdomstrinnet (30 studiepoeng), men berre 45 prosent av musikklærarane i grunnskulen har slik kompetanse. På grunn av presset om vidareutdanning i dei såkalla kjernefaga blir det sjølvsagt ikkje prioritert av skolane å sende lærarar på kurs i musikkdidaktikk. Ikkje ein gong det å vere i stand til å lede ein klassesong skal vere eit krav til ein nyutdanna lærar i dag. Til dømes blei eit føreslått kompetansekrav for lærarstudentar om «å kunne synge ein song med klassen» forkasta som urimeleg vanskeleg av Høgskulen på Vestlandet. På masternivå.

..eit føreslått kompetansekrav for lærarstudentar om «å kunne synge ein song med klassen» (blei) forkasta som urimeleg vanskeleg..

Når Asheim kan synge ein tominutters bodskap og tenke at han med det når ut til feltet, er det noko med song i seg sjølv som gjer det mogleg og som gjer at han kan sleppe unna med det. Hadde han forsøkt å debattere tysk pedagogikk ved å tulle med bøyingsformer av tyske verb, ville det blitt oppfatta som ei hån. Når songstuntet likevel funker på sitt vis, er det fordi song er ein grunnleggande kommunikasjonsform. I barns språk, leik og samhandling er den alltid tilstades. Fordi den er overalt er det lett å ta den for gitt.

Song er ein grunnleggande kommunikasjonsform. I barns språk, leik og samhandling er den alltid tilstades. Fordi den er overalt er det lett å ta den for gitt.

Vi er alle fødde med songevnen, men ein ukyndig lærar kan kvele utviklinga av både songstemme og gehør hos barn, og ikkje minst songgleda. Ingen må vere i tvil om tydinga av ei endring som inngår i ein klår tendens over tid: Frå Mønsterplanen -71 der song SKAL vere ein del av skolen, til -85 der den KAN, til at song no ikkje nevnast.

Dag Johannes Sunde i Utdanningsdirektoratet seier at den overordna delen av læreplanen i liten grad har vore brukt av lærarar, og at «Målet (…) er å knytte den tettere til fagene.» (Adressa, 6. oktober). Det er eit fint mål. Nettopp derfor velger vi å legge vekt på kva som står der, og nettopp derfor er endringa i overordna del svært problematisk.

Dersom fjerninga av ordet song er symptomatisk for at svekkinga av det praktisk-estetiske får halde fram, kan vi ikkje på nokon måte akseptere det. Og viss den ikkje er uttrykk for fortsatt svekking, forventar vi at musikk blir desto tydelegare styrka på andre måtar. Det forventar Stortinget òg, som i vedtak frå 11. oktober 2016 krev at praktisk-estetiske fag skal styrkast, i likskap med rekruttering av kvalifiserte lærarar.

Her er fire tiltak vi meiner er minimum:

  1. Song må inn som allmenn kompetanse for lærarstudentar
  2. Det må innførast kompetansekrav for å undervise i musikk i heile grunnskolen
  3. Faget må styrkast i timetall (ei dobling er ikkje for mykje for å sikre utøvande og skapande undervisning.
  4. Den fagspesifikke planen må seie med reine ord kva som er kjerneelementa i musikk: å spele, lytte, danse, lage musikk – og å synge.

Innlegget blei publisert i Dagbladet 11. oktober 2017.

Sist oppdatert: 11. oktober 2017