Monkey Plot – Årets unge jazzmusikarar 2014!
Møttest på Musikkhøgskolen
Monkey Plot er ein akustisk trio med Christian Skår Winther på gitar, Magnus Skavhaug Nergaard på bass og Jan Martin Gismervik på trommer. Dei har studert saman på Noregs Musikkhøgskole i fire år. Dei begynte å spille saman i 2009 og i fjor slapp dei debutplata «Løv og lette vimpler» til ei svært god mottaking.
Overtydande tilnærming til improvisasjon
Juryen seier følgjande om Årets unge jazzmusikere 2014:
«Monkey Plot har et moderne og originalt uttrykk som ikke høres ut som mye annet. De framstår søkende, men med ro, og har sterke individuelle stemmer. Bandet har kommet langt i å utvikle et eget tonespråk og er tro mot sitt eget univers. Musikerne utstråler trygghet og har en tydelig tilstedeværelse i musikken som skaper en sterk opplevelse av kommunikasjon og samspill. Trioen har en overbevisende tilnærming til improvisasjon.»
Store forventingar
Det er all grunn til å forvente mykje av dei talentfulle musikarane, særleg etter at dei også får med seg lanseringspakka fra Jazzintro. Dei får ein toårig lanseringspakke med Norgesturné og festivaljobbar. Dei får også med seg eit arbeidsstipend frå Gramo på heile 150 000 kroner. Det er Norsk jazzforum og fem av dei største jazzfestivalane i Noreg som står bak lanseringsprogrammet Jazzintro. Ein fagjury har plukka ut åtte deltakarband på bakgrunn av søknader og demomateriale.
Mange tidligare vinnare av Jazzintro kjem også frå Musikkhøgskolen: ra (2000), Solid! (2002), In the country (2004), Albatrosh (2008), og Mopti (2012).