Profilbilde saksofon speiler seg

Serendip – Musikkhøgskolens jazzfestival

I løpet av 2 festivaldagar, 12. og 13.april, kan du gå på 14 konsertar med framtidas jazzmusikarar. Velkommen til konsertmaraton.

Serendip er Musikkhøgskolens jazzfestival. Du kan høyre reine studentband, lærarar og samansette band med profesjonelle musikarar og samarbeidspartnarar.

Kritikarroste gjestar

Fredag 12. april opnar festivalen med ein konsert med den estiske gitaristen Robert Jürjendal i samspel med studentar frå Musikkhøgskolen og det veletablerte og kritikarroste Huntsville med stipendiat Ivar Grydeland, Ingar Zach og Tonny Kluften.

For barn

Laurdag 13. april startar dagen med ein konsert for barn i Levinsalen før det fortsetter med ein samansett kvintett av Ivar Antonsen, Morten Halle, Atle Nymo, Pål Thowsen og Bjørn Kjellemyr som inviterer til gratis formiddagsjazz i foajeen.

Konsertmaraton

Fred Frith holder workshop med studentar i tillegg til at han speler i fleire konstellasjonar med både studentar og stipendiatar som ei del av den opne dagen der ennå 7 band og prosjekt gjer 30-minutters konsertar i ein konsertmaraton.

Kvelden blir avslutta med stipendiat Morten Qvenild og trioen In The Country som presenterar det nye albumet sitt.

Oversikt over heile Serendip i arrangementskalendaren.

Sist oppdatert: 4. april 2013