Tangotime med Glorvigen.JPG
Andreas Rokseth og Åsbjørg Ryeng med tangolærer Per Arne Glorvigen på en av de første tangotimene på Musikkhøgskolen.

Siste tango på NMH

– Tango likner litt på barokk. Man spiller meir uærleg på ein måte. Det viktige er å få fram aksentane, og så kan man kutte ut dei notane som ikkje er så viktige. Det seier universitetslektor og bandoneonist Per Arne Glorvigen, som avslutter engasjementet sitt på Musikkhøgskolen med eksamenskonsert og Milonga 29. mai.

Gå til konserten 29. mai

Vi går nokre år tilbake og er med på ein tangotime – då både Per Arne Glorvigen og bandoneonstudentane som no tar eksamen, Åsbjørg Ryeng og Andreas Rokseth, var nye på Musikkhøgskolen:

Elleve musikarar står tett saman i eit litt lufttomt kammerrom på grunnplanet i 2. hus. Bord og stoler er stabla og skuffa til side. Det ligg opne instrumentkasser overalt. Om eg lukker auga klarer eg nestan å forestille meg at eg er på ein klubb i Buenos Aires ein mørk og fuktig kveld. Røyken manglar, men lufta i rommet her er heller ikkje god. Nokon opnar eit vindauge på gløtt.

– Gløym alt om å spele pent!

Glorvigen og studentane på piano, bass, cello, bratsj, fire fiolinar og tre bandoneon får musikken til å svinge.

Det går litt over stokk og stein innimellom, og når det blir for mykje skrammel, stoppar Per Arne Glorvigen: – Alle treng ikkje spele alle notun heile tida. Leik døkk og prøv døkk fram!

Om igjen frå takt 72. Studentane er litt forvirra over notane. Det står forskjellige taktnummer og ulike ting i notane. Nokre skriv inn ting og så prøver dei igjen.

Per Arne Glorvigen stoppar dei:
– Fire flate må aldri vere statisk. Det må alltid gå framover. Alle treng ikkje gjere det same, men det må være bevegelse slik at det ikkje blir – tysk!

Dei prøver igjen. Mindre tysk denne gongen. Frå sidelinja blir det ein kort leksjon i tango-tenking. Eg noterar:

– At det står ein note der, betyr ikkje at døkk skal spele den!
– Det er ofte slik i tango at det er notert ein ting, og så spiller dei noko heilt anna.
– Alt som ikkje er synkoper er mindre viktug.
– Det skal være lett heile tida – aldri tungt.
– Gløym alt om å spele pent på fiolin.

Avlære det klassiske

Studentane har ganske forskjellig erfaring med å spele tango. Dei fleste er utøvarstudentar som er vane med å spele klassisk musikk - vane med å spele det som står på notane. Glorvigen snakkar om at dei må avlærast. Nå fortsetter dei frå dobbeltstreken som ikkje er plassert på same sted i alle notane. Nå høyres det sikrare ut.

Glorvigen stoppar:

– Strykarane må være meir intense, det må være mykje meir passion – står det piano?
– Det står pianissimo.
– Ja, drit i det!

Intensiv undervisning

Per Arne Glorvigen blei tilsett på Musikkhøgskolen i 2011. Han bor i Frankrike, så når han kjem til Oslo og Musikkhøgskolen for å undervise tar han seg ikkje tid til lange pausar. Neste time er tangohistorie. Ensemblet blir sendt ut på gangen for å trekke frisk luft i nokre minutt og vi håper å få svar på eit par spørsmål. Men Glorvigen skal finne fram CD-ar og gjere klar ein powerpoint-presentasjon.

– Det går i eitt når eg er her. Eg må utnytte kvart minutt, smiler han unnskyldande.

Dedikerte studentar

Studentane til Per Arne Glorvigen har danna ensembler som framleis speler saman – som tangokvintetten Tango Ensillado.

Andreas Rokseth og Åsbjørg Ryeng starta på bachelorstudiet i 2011 – no har dei avslutningseksamen 29. mai etter eit 4-årig bachelorstudium. Dei har begge vore Glorvigens bandoneonstudentar i desse 4 åra.

At Glorvigen skulle bli læraren deira var ein føresetnad då dei søkte Musikkhøgskolen. Det finns bare to lærarar på instrumentet i heile Noreg. Den andre læraren hadde dei på Trondheim kommunale kultur- og musikkskole der Kåre Jostein Simonsen bygde opp eit tangomiljø og hjelpte elevane med å sette i gang ensemblet Tangueros del Norte i 2003. Ensemblet har motteke fleire prisar og spelt konsertar mellom anna i Argentina.

Ringen slutta

– På 90-talet fekk eg overtalt Kåre Jostein Simonsen, akkordeonpedagog i Trondheim til å komme til Paris og lære seg bandoneon hos min argentiske lærar Juan José Mosalini. Simonsen greidde å lære seg instrumentet i ein alder av nesten 50 år! Og då han drog heim att til Trondheim starta han med bandoneonundervisning og fekk nokre fantastiske ungar som elevar. To av desse har vore studentane mine på Musikkhøgskolen! No tar dei eksamen, og min jobb her er avslutta. Så det er på ein måte som om ein ring er slutta for min del, avsluttar Per Arne Glorvigen.

Tekst og foto: Ingrid Holst Sollie, NMH

Tangotimen i bilder

Tangotime på Musikkhøgskolen i 2012 med nåværende og tidligere studenter: Åsbjørg Ryeng, Andreas Rokseth og Per Arne Glorvigen (bandoneon),  Håkon Magnar Skogstad (piano), Emilie Hedal Lidsheim, Ranveig Ryeng, Mariell Livonen og Bjarne Magnus Jensen (fiolin), Cathrine Halland Bering (bratsj), Ingeborg Torvanger (cello) og Ole Schøyen Sjølin (kontrabass). 

  • Tangotime
  • Tangotime
  • Tangotime
  • Tangotime
  • Tangotime
  • Tangotime
  • Tangotime
  • Tangotime
  • Tangotime
  • Tangotime
  • Tangotime
  • Tangotime
  • Tangotime
Sist oppdatert: 22. mai 2015