Kenny Werner by Alessandra Freguja - web.jpg

Suksessforfattar og tradisjonsberar

Den berømte jazzpianisten, komponisten og forfattaren Kenny Werner held open forelesing i samband med musikkhøgskulens øvingskonferanse.

I samband med musikkhøgskulens internasjonale øvingskonferanse, Teaching of Practising, 2.-4. desember kjem jazzpianisten Kenny Werner for å halde open forelesning, og ikkje minst for å undervise og utveksle erfaringar med både studentar og lærarar.

I tillegg til å vere ein høgt anerkjend og verdsberømt pianist som har samarbeida med mange av dei aller største jazzmusikarane på planeten, er Werner kjend som forfattaren bak boka Effortless Mastery som er omsett til ei rekkje språk.

Stolt av konferansen

Konferansen blir arrangert av CEMPE - Senter for fremragende utdanning i musikkutøving og har eit omfattande program, med deltakarar frå Sverige, Ungarn, Nederland og Storbritannia, samt nemnte Werner frå USA. Førsteamanuensis Guro Gravem Johansen er godt nøgd med korleis programmet har blitt.

 - Det er ei stor konferanse som vi er kjempestolt over å ha fått til! Det kjem foredragshaldarar som har eit stort internasjonalt nedslagsfelt, og frå ulike fagfelt. Det er både lærarar som har fokusert spesielt på å undervise i øving, og forskarar som er i teten på sine felt når det kjem til øving, forklarar Johansen. Vidare kjem til dømes Morten Bråten frå Olympiatoppen.

 - Noko for alle

Johansen, som sjølv er jazzmusikar og har forska på øving innanfor sitt felt, er også spesielt stolt av sjangerbreidda på konferansen.

 - Vi får perspektiv frå både klassisk samtidsmusikk, folkemusikk, hip-hop og jazz, seier ho. - Og vinklinga er ikkje berre øving isolert sett, men også korleis vi som institusjonar, lærarar og forskarar stiller oss til det å hjelpe andre å bli betre øvarar.

Johansen vonar så mange som mogleg, også alle studentane ved musikkhøgskulen, finn tid til å besøke konferansen.

 - Her er noko for alle, uansett kva sjanger eller instrument ein jobbar med! slår ho fast.

Gjer det uforståelige forståelig

Hovudforedraget om Effortless Mastery blir heldt av Kenny Werner i Lindemansalen på musikkhøgskulen torsdag 3. desember kl. 1430. Men kva er eigentleg «effortless mastery»?

 - Motsatsen til «effortless mastery» kallar Werner for fryktbasert øving, fortel Johansen. - Vi musikarar strekk oss alltid mot det vi ikkje allereie meistrar, og stiller ofte strenge krav til oss sjølve. Og det skal vi også gjere. Men det kan også føre til at vi øver inn kjensla av prestasjonsangst og det å ikkje få til noko.

Werner tilbyr ulike mentale verkty for å handtere denne og andre utfordringar knyta til øving og det å utvikle seg som musikar. Førsteamanuensis Morten Halle meiner at mykje av det Werner snakkar om kan minne om innfallsvinklar frå idretten.

 - Ein har eit dilemma fordi ein må ynskje å meistre noko veldig hardt, men samtidig kan det vere slik at om du ynskjer det for sterkt, så blir det vanskeleg å vere avslappa og nok til stades til å oppnå det ein vil.

 - Innanfor amerikanske jazzbøker kan ein seie at der er ei akse med det veldig konkrete, tekniske og musikkteoretiske på den eine sida, og på den andre sida det meir utsvevande, herleggjerande og biletet av improvisasjon som noko magisk og uforståeleg, forklarar han.

 - Werner gjer dette magiske og uforståelige meir forståeleg, meiner Halle.

Ein tradisjonsberar

Werner skal vere i Oslo ei heil veke, og i tillegg til det opne foredraget 3. desember skal han mellom anna ha ein full dag med pianiststudentar, ein dag med samspel og ein samtale med fleire av lærarane og masterstudentane innanfor improvisasjon.

 - Eg har høyrt gode ting om Werner som pedagog, og er spent på å få sjå han i møte med studentane, seier Halle.  - Som ein erfaren, amerikansk jazzmusikar er han også ein tradisjonsberar med eit sterkt handverk og breitt repertoar som vi har mykje å lære av.

Halle ser også fram til interessante samtalar mellom Werner, studentar og tilsette.

 - Det er alltid interessant å høyre korleis slike som han ser på situasjonen for jazzutdanning i USA. Korleis folk jobba og kva dei arbeider med. Innanfor jazzfeltet har vi ikkje alltid vore like flinke til den type dialog, men dei siste åra har eg hatt mykje god erfaring med slike samtalar, fortel Halle.

Tekst: Olav Opsvik
Foto: Alessandra Freguja

Sist oppdatert: 23. november 2015