Vilde Frang Bjærke

Vilde Frang professor II

Fiolinisten Vilde Frang har starta opp i ei 10 % stilling som gjesteprofessor ved Norges musikkhøgskole. Ho har allereide ein større internasjonal karriere enn nokon annan norsk fiolinist sidan Ole Bull. Erfaringa hennar, kontaktnettet og einestående talent er unik i norsk sammenheng.

– Vilde Frang er ei ung og framfrå norsk fiolinist som er i ferd med å gjere ein stor internasjonal karriere. Ho har gitt fleire meisterklasser internasjonalt og ho har allereide tilbud om prestisjetunge professorat i Tyskland slik at det er eit "scoop" for oss at ho har kome hit, seier rektor ved Musikkhøgskolen Peter Tornquist. – Musikkhøgskolen er tildelt Senter for fremragende utdanning i musikkutøving, så no er vi glade for å ha ho på laget.

I verdseliten

Gjennom studier hos dei ypperste lærarane i Europa har Frang ein særs sterk fiolintradisjon i ryggen. Ho er no ei internasjonalt ettertrakta fiolinist og speler vekentleg med dei største dirigentar og orkestre internasjonalt og kammermusikk med verdseliten på dei største festivalane.

Undervisning med intensitet og glød

Vilde Frang har i nokon år vore engasjert som gjestelærar ved Musikkhøgskolen kor ho har gitt individuell undervisning og meisterklasser. Undervisninga hennar er av ei sjeldan god kvalitet, og studentane fortel om undervisning med høg intensitet og mykje glød.

Vilde Frang er tilsatt som professor II på Norges musikkhøgskole i eit åremål på fire år frå 2014.

 

Kanskje du også vil lese:

vivianne.j.sydnes.jpg

Vivianne ny domkantor i Oslo 22. mai 2014

"Et kirkemusikalsk gullfunn for Oslo domkirke" står det i pressemeldingen. Vi gratulerer Vivianne Sydnes og presiserer at hun fortsetter som førsteamanuensis i kordireksjon ved NMH.

Peter Tornquist blir ny rektor 20. mars 2013

Vi gratulerer Peter Tornquist og Hilde Ringlund som ny rektor og prorektor.

Sist oppdatert: 3. juni 2014