Studentombod

Studentombudet skal gje studentar råd og hjelp i saker knytt til  studiesituasjonen. Studentombodet er uavhengig av studieinstitusjonen og har tausheitsplikt.

Studentombodet har kontor på Universitetet i Oslo, og NMH har studentombodet saman med fem andre høgskolar i Oslo.

Ta kontakt når

  • Du har eit problem og ikkje veit kor du skal vende deg.
  • Du har eit problem og er usikker på vegen vidare.
  • Du har eit problem du har meldt frå om, men opplever ikkje å bli høyrt, eller at svaret er mangelfullt/feil eller du manglar svar innan fastsett frist.

Studentombodet kan hjelpe deg med

  • Gje deg innsikt i rettane dine og plikter som student ved utdanningsinstitusjonen.
  • Bidra til at rettane dine blir ivaretatt slik at saker kan bli løyst.
  • Delta som nøytral tredjepart i møte mellom deg som student og utdanningsinstitusjonen din, eller mellom deg og ein medstudent.
  • Lese over utkast til søknad eller klage.
  • Gje deg innsikt i kva det inneber å seie ifrå om til dømes eksempel trakassering, mobbing eller brot på sikkerheitsrutinar og om vegen vidare dersom du vurerer å melde frå om noko som er kritikkverdig.
  • Hjelpe deg med råd dersom du ønskjer å varsle anonymt.

Kontakt

Studentombodet
•    e-post: studentombudet@uio.no, tlf. +47 452 98 992

Les meir om studentombodet

Studentombud_1.jpg
Gir råd i krevjande situasjonar

Seks høgskular i Oslo har gått saman om å finansiere eit studentombod som skal gi studentar rådgjeving i vanskelege saker som kan oppstå i studiekvardagen. Pål Gustavsens kontor på Blindern er ope for dei som treng det.

Sist oppdatert: 18. mars 2020