gu-artisten.JPG

Gehørmiljøet på konferanse

NMH er tungt til stades når nordisk hørelærekonferanse blir arrangert i Gøteborg i juni.

Gro Shetelig, Victoria Jakhelln, Anne Katrine Bergby og Inger Elise Reitan reiser til HEARUP: Hearing – Reading – Understanding – Performing 1.–3. juni. Med seg har dei masterstudentane Ville Himanka Langfeldt og Mats-André Soli.

Deltakinga blir sette pris på. Vertskapet, ved professor Bengt Lundin har mykje godt å si om fagmiljøet frå NMH:

«Institusjonen for hørelære ved NMH tek utan tvil ein ledande posisjon. Det komplette akademiske miljøet ein har bygd kring gehøremnet er imponerande, frå ein gjennomarbeida og utvikla metodikk på grunnutdanningsnivå, via masterutdanning med gehør som emne, til spanande forskingsprosjekt kring emnets metodiske og kunstnariske aspekt.»

Presentasjonar:

  • Anne Katrine Bergby: Intonasjon – et definisjonsspørsmål
  • Victoria Jakhelln: Gehørøving på nettet
  • Inger Elise Reitan: FoU i hørelære – muligheter, utfordringer og dilemmaer
  • Ville Himanka Langfeldt: Harmonic hearing among jazz musicians
  • Mats-André Soli: Lytting som undervisningsfag
Sist oppdatert: 30. mai 2016