Improvisasjonsgjester frå det store utland

Måndag 28. til onsdag 30.november får NMH besøk av to gjestelærarar innan jazz, improvisasjon og musikkpsykologi, professor Raymond MacDonald (saksofon) og Alister Spence (piano).

Professor Raymond MacDonald (saksofon) frå Reid School of Music i Edinburgh, Skottland, og Alister Spence (piano), Senior Lecturer ved the School of Arts and Music ved Universitetet i New South Wales gjestar Noreg som ein del av turneen med improvisasjonstrioen Sensearound, saman med Shoeb Ahmad.

Under besøket hos oss, som er eit resultat av eit samarbeid mellom doktorgradsutvalet (DRU), Fagseksjon for improvisert musikk, jazz og folkemusikk, Fagseksjon for musikkpedagogikk og musikkterapi, og Senter for fremragende utdanning (CEMPE), har dei eit omfattande program. Dei skal delta i jazzgehørundervisning og instrumentaldidaktikk saman med Guro Gravem Johansen, og halde ein workshop og mini-konsert for jazz-/impro-studentar og –lærarar saman med Ivar Grydeland.

I tillegg vil Raymond halde ei ope forelesing med tittelen «Researching musikal identities in jazz and improvisation», tirsdag 29.11. kl. 10-11.30, i Levinsalen. Alle er hjerteleg velkomne til denne forelesinga.

Raymond MacDonald

Raymond er, i tillegg til å vere utøvande saksofonist innanfor jazz og kontemporær improvisasjonsmusikk, komponist. Arbeidet hans er informert rundt eit syn på improvisasjon some in social, kollaborativ og kreativ prosess som gjer det mogleg å arbeide med musikk på nye måtar.

Han har samarbeidd med musikarar som David Byrne, Jim O´Rourke, Maggie Nichols, Evan Parker og Marilyn Crispell, har gjeve ut over 50 album og turnerar internasjonalr.

Raymond er også professor i musikkpsykologi og improvisasjon og Head of Music ved Universitetet I Edinburgh. Hans eiga forskning fokuserer på temaer relater til improvisasjon, musikalsk kommunikasjon, musikk og helse, musikkpedagogikk og musikalske identitetar. Han undersøker prosessar og resultat av musikalsk deltaking og lytting og har ei særskild interesse for kollaborativ kreativitet.

Raymond har publisert over 60 fagfellevurderte artiklar og bokkapitlar, samt vore medredaktør for vitksaplege anotlogiar innanfor musikkpedagogikk og – terapi, samt for tidsskrifta Psychology of Music, The International Journal of Music Education, Jazz Research Joprunal, Research Studies in Music Education, Muicae Scientiae og The Journal of Music Therapy.

alt

Alister Spence

Alister Spence er anerkjend som ein av dei mest erfarne, kreative og originale samtidige jazzpianistar og komponistar i Australia. Han har bak seg ei utøvande karriere på over 25 år, og han har skreve musikk for fleire av verdas mest respektiverte artistar innanfor improvisasjon og samtidsmusikk.

Alister Spence Trio har gjeve ut seks album, og har motteke fleire australske og internasjonale nominasjonar og prisar. Alister har fleire internasjonale samarbeidsprosjekt gåande, mellom anna med Raymond og Glasgow Improviser´s Orchestra, og turnerer jamnleg i Europa. Alister har samarbeidd sidan 2008 med den japanske pianisten og komponisten Satoko Fujiii, og har fleire turnear og plateinnspelingar i Japan bak seg. 

alt  

Sørsmål? Kontakt:

imported-image

Guro Gravem Johansen

Førsteamanuensis

Didaktikk, Jazz-gehørtrening

Sist oppdatert: 21. november 2016