Søk om støtte frå Lånekassen no

No kan du søkje om stipend og lån frå Lånekassen dersom du har studieplass. Det er og nokre endringar i Lånekassen sine reglar.

Til søknaden om stipend og lån til høgare og anna utdanning

Opptrapping til 11 månader med studiestøtte

Stortinget har vedteke ein plan om å gradvis trappe opp utdanningsstøtta frå 10 til 11 månader for fulltidsstudentar i høgare utdanning og fagskoleutdanning.

Opptrappinga skal skje over 4 år, frå 2017 til 2020. For våren 2018 blir støtta derfor trappa opp med 2 veker. Den eine veka får du under føresetnad av at Stortinget løyver pengar til det i statsbudsjettet for 2018.

Les meir om 11 månader med studiestøtte.

Sist oppdatert: 23. mai 2017