Forretningsorden for styret ved Noregs musikkhøgskole

Fastsett av styret 18.10.2005.

1. Møteinnkalling

Innkalling til møte skal sendast medlemmene i styringsorganet seinast ei veke før møtet finn stad.

2. Dagsorden

Dagsorden for eit møte skal gjerast kjent seinast ei veke før møtet. Framlegg til endringar i eller tillegg til dagsorden må gjerast kjent i god tid og seinast tre dagar før møtet. For at saker som ikkje står på dagsorden eller tilleggsdagsorden skal takast opp til realitetshandsaming vert det kravd to tredelars fleirtal.

Dagsorden/eventuelt tilleggsdagsorden skal innehalde eit oversyn over dei sakene som skal handsamast, og om det i den einskilde saka vert teke sikte på ei realitetsavgjerd, eller om saka er til orientering for styret.

3. Møteleiing

Rektor er styreleiar og leier møta. I rektor sitt fråvær går prorektor inn som møteleiar.

4. Møtefrekvens

Styreleiaren skal syte for at organet held møte så ofte som det trengst. Styret skal kallast inn dersom rektor, direktør eller eit styremedlem krev det.

5. Styret sine forhandlinger

a. Møta skal som hovudregel haldast for opne dører.

b. Fylgjande saker skal alltid handsamast for stengde dører:
 

  • Personalsaker som gjeld einskildpersonar, under dette saker om tilsetjing, oppseiing, ordensstraff, avskil og suspensjon.
  • Saker som i fylgje lov eller føresegner er underlagt togn.


c. Fylgjande saker skal til vanleg handsamast for stengde dører, dersom ikkje styret vedtek noko anna:
 

  • Saker om utarbeiding av budsjettframlegg til bruk for arbeidet med budsjettet
  • Saker som vedkjem Norges musikkhøgskole sine samarbeids- eller konkurransetilhøve til offentlege, halvoffentlege eller private institusjonar

d. I orienteringssaker og spesielle saker kan styret gjere vedtak om å stenge møtet i einskilde saker av omsyn til intern sakshandsaming.

e. Når særlege grunnar talar for det, kan styret invitere utanforståande til å delta i styremøte, då med talerett, men ikkje røysterett

6. Vedtaksført styre 

Styret er vedtaksført når meir enn halvparten av medlemmene er til stades.

7. Røystereglar

Eit framlegg vert vedteke med alminneleg fleirtal. Fleirtalet for eit vedtak må utgjere minst ein tredel av alle styremedlemmane. Ved like tal røyster i andre saker enn val er røysta til møteleiaren avgjerande. Ved like tal røyster ved val skal dette avgjerast ved loddtrekning.

Val vert gjennomført i samsvar med Valgreglement for Norges musikkhøgskole, vedteke 22. august 2005.

8. Protokoll

Det skal førast protokoll frå styremøta. Det skal gå fram av protokollen korleis det einskilde medlemmet har stemt. Eventuelle særmerknader skal utformast og innleverast under møtet.

9. Møteplikt og forfall

Styremedlemmene har plikt til å møte og røyste dersom dei ikkje har gyldig forfall. Ved gyldig forfall skal ein gje beskjed til sekretariatet for styret slik at varamedlem kan kallast inn. Det er ikkje høve til å røysta blankt ved anna enn val.

10. Generelt

I spørsmål som ikkje fell inn under det som er nemnt i punkta 1-9, kan styret avgjere sin forretningsorden med to tredels fleirtal.

11. Saker etter fullmakt

Rektor har fullmakt til å avgjere saker i det omfanget desse ikkje kan leggjast fram for styret sine medlemmer skriftleg eller utsetjast til neste møte, jf. Uhl. § 10-1, bokstav b. Avgjerder etter fullmakt skal rapporterast til styret på det fyrste moglege møtet.

12. Kva reglementet gjeld for

Dette reglementet gjeld for styret ved Noregs musikkhøgskole.

Sist oppdatert: 11. juni 2014